Oslo Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oslo Museum
Oslo Museum logo.svg
Stad Oslo
Skipa 1. januar 2006 (1905)
Museumstype Kulturhistorisk museum
Direktør Lars Emil Hansen
Nettstad http://www.oslomuseum.no

Oslo Museum er eit kulturhistorisk museum i Oslo som vart skipa 1. januar 2006 ved at dei eksisterande musea Oslo Bymuseum, Teatermuseet og Internasjonalt Kultursenter og Museum vart slege saman under ein administrasjon. Oslo museum held til på to plassar, Bymuseet og Teatermuseet ligg samla på Frogner hovedgård i Frognerparken, medan Interkulturelt Museum har lokale i Tøyenbekken 5 på Grønland, i nærleiken av Grønland T-banestasjon. Administrasjonen held til på Frogner hovedgård. I tida frå januar til desember 2006 hadde museet mellombels namnet Hovedstadsmuseet.

Oslo Museum samlar på alle typar av kulturhistorisk materiale som er eigna til å kaste ljos over tilhøva i byen i fortida og notida, så som fotografi, kunstobjekt, gjenstandar, tekstil, møbler, bøker og arkivalia. Materialet vert teke vare på i magasin på museet i Frognerparken og andre stader i byen. Både kunst- og fotosamlingane er mellom dei største i Noreg. Digitale fotografi av mange av gjenstandane er å finne på internett, og det same gjeld digitaliserte fotografi frå Oslo i gamal og ny tid.

Oslo Museum er ei stifting som får økonomisk stønad frå Oslo kommune og Kulturdepartementet, og mottek prosjektmidlar frå mellom andre Norsk kulturråd, Institusjonen Fritt Ord og Bergesenstiftelsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oslo Museum