Oslo Nye Sparebank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslo Nye Sparebank var ein sparebank skipa i 1921 og som vart fusjonert med Vestlandsbanken (seinare fusjonert inn i Fokus Bank)) i 1975. Banken hadde nynorsk som forretningsmål, og var ein viktig del av dei nynorske forretningstiltaka som vart skipa i mellomkrigstida.

Banken vart skipa etter opptak frå Bondeungdomslaget i Oslo, som skaut inn halvparten av grunnfondet til sparebanken. Halvparten av forstandarskapet i banken skulle veljast blant innskytarar som òg var medlemer i Bondeungdomslaget.[1] Bakgrunnen for den nye banken var i røynda pensjons- og sparekassenemndene i Bondeungdomslaget som vart slegne saman til ei nemnd som skulle finne ei løysing på finansspørsmål for laget og medlemene. Eldsjelene bak tiltaket ynskte å både å fremje sparetanken blant ungdomen og styrkje nynorsken i forretningslivet. I tillegg kunne ein slik nynorskbank gje eit trygt og sikkert økonomisk grunnlag for målreisinga og alle forretningstiltaka i målrørsla.[2]

I fyrste omgang var det nok med ein liten bank som kunne ha ope nokre ettermiddagar i veka. Det var ein sparebank til ålmennyttige føremål ein ynskte seg, og ikkje ein forretningsbank som gav utbyte til eigarane. Det var Bondeungdomslaget sjølv som førebudde saka saman med dei andre nynorskinstitusjonane og -organisasjonane i Oslo.[3]

I 1958 var grunnfondet til banken 270 000 kr (tilsvarar 3,1 mill 2010-kroner) og rådvelemidelen 6,67 mill kr (tilsvarar 65,1 mill. 2010-kroner[4]).[5]

Oslo Nye Sparebanks Fond[endre | endre wikiteksten]

Vestlandsbanken kjøpte opp Oslo Nye Sparebank i 1975. Kjøpssummen var 1,1 mill kr (svarer til 5,3 mill 2010-kroner), og denne summen vart til grunnkapitalen i Oslo Nye Sparebanks Fond. Fondsmidelen er i dag ca 3,5 mill kr[6].

Oslo Nye Sparebanks Fond har som føremål å stø slike tiltak som sparebankar plar stø, men særleg tiltak som er til bate for innflyttarar eller organisasjonane deira i Oslo eller grannekommunane. Fondet gjev berre tilskot til nynorsktiltak.

Fondet har eit styre med fire medlemer. Styret i Bondeungdomslaget i Oslo, styret i Noregs Mållag, styret i Sparebankforeningen og Kreditttilsynet peikar ut ein medlem kvar, med personleg varamedlem. Administrasjonen i Norsk Barneblad fungerer som sekretariat for fondet.[7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok, bind 9, side 230
  2. «Og byen er vår bror» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989, Noregs Boklag/Det Norske Samlaget : Oslo 1989, side 71
  3. «Og byen er vår bror» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989, Noregs Boklag/Det Norske Samlaget : Oslo 1989, side 72
  4. SSBs prisendringskalkulator, http://www.ssb.no/kpi/kpiregn.html
  5. Norsk Allkunnebok, bind 9, side 230
  6. Årsmelding for Oslo Nye Sparebanks Fond for 2009
  7. Årsmelding for Oslo Nye Sparebanks Fond for 2009