Oslo Plaza
| Oslo Plaza | |
| Offisielt namn | Radisson Blu Plaza Hotel |
|---|---|
| Kallenamn | Oslo Plaza |
| Adresse | Sonia Henies plass 3 0185 Oslo |
| Stad | Oslo i Noreg |
| Eigar | Wenaasgruppen |
| Arkitekt | White arkitekter |
| Opna | 14. mars 1990 |
| Høgd | 117 m |
| Etasjar | 37 |
| Rom | 676 |
Radisson Blu Plaza Hotel (i daglegtale Oslo Plaza) er eit hotell i Oslo sentrum og er, med sine 117 meter, Nord-Europas høgste hotell og den nest [1] høgste bygningen i Noreg. Bygningen er, i likskap med nesten alle bygg i Oslo, mislikt i enkelte krinsar – onde tunger har kalla bygningen «Hotell Hoggjernet»[2]. Bygningen har likevel ikkje vorten ein «folkefiende», i motsetnad til Postgirobygget, trass i at den er både større og høgre.
Hotellet har 37 etasjar og 673 rom med til saman 1500 senger, 140 forretningsrom og 20 suiter. Bygget er førd opp i betong og har rasterfasader i spegelglas. Dei øvste etasjane er avfasa med bratt skråtak på ei side mot eit skarpt møne. Det har dessutan ein utenpåliggjande heis i glas som fører opp til bevertningsstad på toppen. Ei lågblokk i tre etasjar inneheld inngangsparti, lobby, restaurantar og konferansesalar.
Bygget stod ferdig i 1989, og er teikna av White arkitekter. Det blei opna den 14. mars 1990 av kong Olav V. I 1992 blei det reist ei gangbru mellom hotellet og Oslo Spektrum.
Galleri [endre]
- Oslo Plaza