Austkanten og vestkanten i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslo Vest)

Austkanten og vestkanten, østkanten og vestkanten, er nemningar brukt om dei austre og vestre delane av det indre Oslo, og skriv seg frå tida då Oslo var ein industriby. Austkanten markerte seg sosialt og yrkesmessig ulik vestkanten ved å vere industriarbeidarstroka og dei fattigare stroka i byen, medan vestkanten var luten for funksjonærar og dei betrestilte. Dette sosiale skiljet markerte seg òg i skilnaden i språket eller dialekten som var nytta i dei to lutene av byen.

Det er vanleg å seie at Akerselva er grensa mellom austkant og veskant i Oslo, men eigentleg går grensa litt lenger vest, sjølv om hovudparten av industrien, verkstadene og bustadstroka for arbeidarar låg på austsida. Fossane i Akerelva var den energikjelda som dreiv fabrikkane, og industrien og dei arbeiderstrøka som høyrde til, låg difor ikkje berre på austsida av elva, men òg som ei meir eller mindre brei stripe på vestsida. Grensa mellom austkanten og vestkanten, som ikkje alle stader og til alle tider har vore ei skarp og udiskutabel grense, går difor mange stader litt vest for Akerselva, aust for stroket Hammersborg og Vår Frelsers gravlund (langs kanten av høgdedraget Akerryggen ned mot Maridalsveien), vidare opp Uelands gate til Voldsløkka. Lenger nord er det inga klår grense.

Vestkanten er bydelane St. Hanshaugen og Frogner, forutan bydelane i ytre vest: Ullern, Vestre Aker og Nordre Aker.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.