Oslo domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′45.203″N 10°44′46.0254″E

For andre kyrkjer med namnet Vår Frelsars kyrkje, se Vår Frelsars kyrkje.
Oslo domkyrkje
Oslo Cathedral.jpg

Oslo
Foto: J. P. Fagerback

Generelt

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Oslo
Prosti:  Oslo Domprosti
Sokn:  Sentrum og St. Hanshaugen
Vigd til:  Vår frelsar
Innvigd:  7. november 1697
Endringar:  Hovudreparasjon på midten av 1770-talet
1848–1850 ved Alexis de Chateauneuf
1948–1950 ved Arnstein Arneberg
Omfattande restaurering 2006–2010 ved Marianne Gulliksen
Kyrkjegard:  Nedlagd i 1808
Arkitektur
Type:  Krosskyrkje
Periode: Barokk
Arkitekt:  Moglegvis ingeniøroffiser Anthony Coucheron eller Jørgen Wiggers
Tårn:  Aksialt plassert tårn
Klokker:  Fem klokker
Kyrkjerommet
Preikestol:  Laga av ein nederlandsk meister på slutten av 1600-talet
Døypefont:  Laga av Torsten Ottersen Hoff eller Lars Sivertsen i 1721. Døypefat i sølv frå Hellig Trefoldigheds kyrkje
Altartavle:  Laga av den same som står bak preikestolen og Lars Sivertsen
Orgel:  Tre orgel av Ryde & Berg Orgelbyggeri. Hovudorglet har fasade av Lambert Daniel Kastens. Kororglet har fasade av Ulf Oldæus
Plassar:  Ca. 900
Diverse:  Sakristi frå 1699
Takmåleri av Hugo Lous Mohr
Glasmåleri av Emanuel Vigeland, Borgar Hauglid og

frå St. Ouen-kyrkja i Rouen
Sølvskulpturen «L'ultima Cena» av Arrigo Minerbi
«Maria med barnet» av Turid Angell Eng
Bronserelieffar på inngangsdøra av Dagfin Werenskiold
Korstolar av Ulf Oldæus

Commons-logo.svg
Oslo domkyrkje på Commons

Oslo domkyrkje, tidlegare Vår Frelsars kyrkje er ei krosskyrkje ved Stortorget i Oslo sentrum. Ho stod ferdig i 1697, er hovudkyrkje for Oslo bispedøme og kyrkje for Oslo domkyrkjes kyrkjelyd. Kyrkja er òg rikskyrkje i Noreg kor kongehuset og staten bruker kyrkja ved offisielle hendingar, som vigslar og gravferder.

Kyrkja endra namn frå Vår Frelsars kyrkje til Oslo domkyrkje i høve 900-årsjubileet til Oslo by i 1950.[1][2]

Noverande Oslo domkyrkje er den tredje domkyrkja i Oslo. Bygget vart reist som erstatning for Hellig Trefoldigheds kyrkje, som i si tid hadde erstatta Hallvardskatedralen. Oslo domkyrkje er delvis bygd av materiale frå dei tidlegare kyrkjene.

Oslo domkyrkje har gjennomgått omfattande endringar opp gjennom åra. Dei viktigaste er ombygginga på 1850-talet, under leiing av arkitekt Alexis de Chateauneuf med Heinrich Ernst Schirmer som byggeleiar, og restaureringa til Arnstein Arneberg fram mot 900-års jubileet i 1950.

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegare kyrkjene[endre | endre wikiteksten]

«Djevelen frå Oslo», relieff frå Hallvardskatedralen murt inn i tårnfoten på Oslo domkyrkje.
Foto: Västgöten

Den første domkyrkja i Oslo var Hallvardskatedralen ved Oslo torg i Gamlebyen. Ho vart bygd under kong Sigurd Jorsalfare i første halvdel av 1100-talet. Kyrkja vart bygd i romansk stil, og utvida fleire gonger i gotisk stil. I nesten 500 år var dette den viktigaste kyrkja i byen. Ruinar etter kyrkja finn ein i Ruinparken i Gamlebyen. Synste del av St. Halvardskatedralen ligg under betonglokk som vart laga då Bispegata, på 1960-talet, vart utvida mot aust. Ruinparken strekte seg opphavleg lengre sørover.

I 1624 brann Oslo, og kong Kristian IV gav ordre om at byen skulle flyttast til vestsida av Bjørvika, slik at han kunne kome under betre vern frå Akershus festning. Hallvardskyrkja var relativt uskadd og gjorde nytte som domkyrkje i det nye Christiania. Men kyrkjevegen var lang og vanskeleg. Så i 1632 tok ein til å bygge ny domkyrkje ved torget i den nye byen. Den nye domkyrkja, som fekk namnet Hellig Trefoldighedskyrkje, vart noko skadd under bybrannen i 1686. Militære styresmakter kravde at kyrkja skulle rivast, fordi ho låg for nær Akershus festning. Då byvollane samstundes vart nedlagde, vart det vedteke å bygge ei ny domkyrkje utanfor bygrensa, den tredje i rekka.[3][4]

Noverande kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Planlegginga av Vår Frelsars kyrkje kom i gang rundt 1690. Det var lite pengar til finansieringa og det vart satt i gong innsamling blant borgarane i byen og i alle kyrkjer i landet.[5][6]Det var ikkje nok og borgarmeisteren reiste difor til København, kor han var i fleire månadar for å overtale kong Kristian V til å gje eit tilskot til prosjektet, noko som lukkast til slut.[6]

Etter at ein hadde fått tomt tilbaud visestatthaldar Just Høeg seg i 1693 å overta ansvaret og stå for byggearbeidet.[6] Han hadde berre 5 500 riksdalar til rådigheit og ein del materialar frå Hellig Trefoldighetskyrkje. Til samanlikning kosta det 39 336 riksdalar å reise Trefoldighedskyrkja i 1630-åra.[7]

Året etter sende Høeg teikningar av den nye kyrkja til kongen i København for godkjenning. Dei kom att med ei usignert avgjerd, som kanskje er skrive av den norske generalbyggmeisteren Lambert van Haven.[7][8] Teikningane er laga i Christiania, men det framgår ikkje kven som har stått for dei. Arno Berg nemner fleire molege kandidatar i boka Vår Frelsers kirke, mellom anna Jørgen Wiggers, Anthony Coucheron, overkonduktør Johan Stokhoff og generalkvartermeister Storm.[9] Ingeniøroffiser Anthony Coucheron arbeidde på denne tida med festningsverka på Akershus festning og kan ha vore den som stod bak. [10]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja slik ho såg ut før ombygginga på 1850-talet på ei teikning av Gerhard Schøning (1722–1780).

Domkyrkja vart bygd på ein fjellknaus mellom dåverande Store og Lille Voldport, i austenden av det som seinare skulle bli Stortorget. Grunnsteinen vart lagd ned av Just Høeg i 1694.

Grunnplanen har latinsk krossform. Stein frå den rivne Hellig Trefoldigheds kyrkja og truleg Hallvardskatedralen, vart gjenbrukt, men kyrkja vart enklare bygd enn desse to. Ho fekk mellom anna ikkje kvelv av stein over kyrkjerommet. Tårnet var lågare enn det er i dag, og vart avslutta med eit pyramideforma tak. (Sjå teikninga til Gerhard Schøning.)

Kyrkja vart mura i nederlandsk gul teglstein, som kom til landet som ballast på dei norske trelastskutene som gjekk i fart mellom Christiania, som då var ein stor eksportby for trelast, og Nederland. Steinen var såleis langt billegare å bruke enn den norske, raude teglsteinen. Domkyrkja blei måla i horisontale striper på utsida, slik skikken var i Christiania. Stripene var skiftevis gule og raude. Grunnmuren blei måla blå.[11]

Endringar[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja vart ombygt innvendig i åra 1848-50, etter ein plan av arkitekt Alexis de Chateauneuf frå Hamburg. Interiøret vart omskapt i nygotikk og det gamle inventaret vart fjerna. Tårnet vart høgd og utstyrt med ein rikare dekorert tårnhjelm, og spir. Til tårnmuringa vart det då brukt raud teglstein av større format enn den teglsteinen ein hadde nytta då kyrkja vart bygd, og i fasaden ser ein tydeleg skiljet mellom den opphavlege muren og det som er bygd til seinare. Samstundes vart det laga ei ny kongeinngang på sørsida.

Hundre år seinare vart kyrkja restaurert. Restaureringa vart leia av arkitekt Arnstein Arneberg. Den nygotiske innreiinga vart fjerna, og inventaret vart ført tilbake til det opphavlege. Under restaureringa lag Hugo Lous Mohr eit stort takmåleri. Arneberg teikna òg kapellet på sørsida av kyrkja. Restaureringen var ferdig til Oslo sitt 900-årsjubileum i 1950.

Inngangsdøra er dekorert med bronserelieff av Dagfin Werenskiold. Motiva er henta frå Bergpreika.

Kyrkja vart restaurert på nytt i 2006–10, etter det vart avdekt omfattande fuktskadar, særleg i taket.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Orgel og organistar[endre | endre wikiteksten]

Organistar

Det første orgelet vart bygd i 1711 av svensken Carl Gustav Luckvitz. I 1729 var eit nytt orgel på plass, bygd av Lambert Daniel Kastens i København. Dette vart utskift i 1880. Det noverande orgelet er bygd av Ryde & Berg i 1997 til 300 års jubileet. To mindre orgel i domkyrkja er òg bygt av Ryde & Berg.

Kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

Bygningane i Kirkeristen, som står her den dag i dag, fotografert på 1860-1880-talet. Bygningen med tårnet er den gamle brannvakta; resten er basarane for sal av kjøt og anna. Spiret på domkyrkja stikk opp attom dei.

Oslo sin kyrkjegard vart lagd kring kyrkja. Fram til 1805 hadde dei rikaste familiane eigne graver i krypta i kyrkja; dessutan hadde familiane Collett, Leuch og Elieson eigne gravkapell på kyrkjegarden.

Kyrkjegarden vart nedlagt i 1808, men den høge kyrkjegardsmuren vart ståande til 1819. Då vart området nord og vest for kyrkja lagt til torget. I 1823 vart resten av kyrkjegarden omgjort til park.

Uttrykket Kirkeristen om dei basarbygningane som er bygd som ein halvsirkel kring plassen på sidene av domkyrkja har sin bakgrunn i to ferister som frå tidleg på 1700-talet låg i opningane i muren inn til kyrkjegarden for å hindre at dyr, særleg husdyr, kom seg inn på kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Knut Are Tvedt side 422
  2. Knut Are Tvedt side 423
  3. Ranveig Gausdal: «Kirkene på Kristiania torv». Tobias 7, nr. 4 (1998): side 8–11. ISSN 0804-2454
  4. Oslo Domkirke: Tre kirker, en historie
  5. Berg og Hagtvedt side 28
  6. 6,0 6,1 6,2 Berg og Hagtvedt side 29
  7. 7,0 7,1 Berg og Hagtvedt side 30
  8. Berg og Hagtvedt side 31
  9. Berg og Hagtvedt side 32–33
  10. M.C. Kirkebøe: Oslos kirker i gammel og ny tid, ny utgåve ved Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, Kunnskapsforlaget, 2007, side 23, ISBN 82-573-1946-5
  11. Hilde Brunsvik side 26

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]