Oslofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslofjord)
Kart over Oslofjorden.
Oslofjorden sett frå Ekeberg med austsida av Nesodden i bakgrunnen. Bunnefjorden går inn til venstre på fotografiet.
Bunnefjorden inn mot Oslo sett frå austsida av Nesoddlandet.

Oslofjorden er ein fjord som strekkjer seg frå Rådhuskaia i Oslo og ned til Langesund i Bamble kommune. Langesund ligg på om lag på høgde med Færder fyr og mange definerer starten av Oslofjorden som ei linje mellom desse to. Fjorden er dermed 107 km lang og den femte lengste fjorden i Noreg. Fjorden er den travlaste trafikkåra for skipstrafikk i landet. Området er òg eit viktig rekreasjonsområde, med båtliv, hytteliv og fiske.

Det bur om lag 2,1 millionar menneske rundt Oslofjorden. Frå Langesundsfjorden i vest til svenskegrensa i aust er det til saman 11 byar og mange tettstader.

Oslofjorden har den største trafikken av ferjer og lasteskip i landet. Det er mellom anna fleire utanlandsferjer og bilferjesamband mellom Moss i Østfold og Horten i Vestfold. Skipstrafikken i Oslofjorden vert overvaka og styrt av Kystverkets sjøtrafikksentral, som ligg i Horten.

Oslofjorden ligg dels i fylka Oslo, Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og Telemark. Skiljet mellom Indre og Ytre Oslofjord går ved Drøbaksundet, sundet der fjorden smalnar mellom Drøbak og Hurum. Ytrefjorden var frå gamalt av kalla Folden, medan Osloarfjorð var rekna som innanfor Drøbaksundet.

Elles går Oslofjordtunnelen (Oslofjordsambandet) mellom Drøbak i Frogn kommune og Storsand i Hurum kommune. Det vart opna i 2000.

Side- og delfjordar[endre | endre wikiteksten]

Sortert frå sør til nord

Kjelder[endre | endre wikiteksten]