Osman I av Det osmanske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osman I

Sultan av Det osmanske riket
Regjeringstid12991326 (27 år)
Kroning1299
Fullt namnOsman Gazi
Fødd1258
FødestadSöğüt i Anatolia i Tyrkia
Død1326 (68 år gammal)
DødsstadSöğüt
GravstadBursa
FøregangarErtuğrul
EtterfølgjarOrhan I
Gift medRabia Bala Hatun, Mal Hatun
KongehusHuset Osman
DynastiDet osmanske dynastiet
FarErtuğrul
MorHalime Hatun
BornOrhan I, Alâeddin Paşa, Fatima Hatun née Beatrice Michiel

Osman I (12581326) var leiaren for dei osmanske tyrkarane og grunnleggjaren av dynastiet som oppretta og styrte Det osmanske riket. Riket, som er kalla opp etter han, var ei verdsmakt i over sekshundre år.

Osman arva tittelen som bey (landsbyhøvding) for Söğüt i Anatolia etter far sin. I 1299 erklærte han sitt vesle rike sjølvstendig frå seldsjukkane. Dei mongolske invasjonane hadde pressa muslimar vestover mot Osman sitt fyrstedøme, ein maktbase som Osman var rask til å konsolidere. Då Austromarriket vart svekka var Det osmanske riket raskt på pletten og tok over områda deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Tyrkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.