Osmington Mills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osmington Mills
busetnad
Smuggler's Inn i Osmington Mills
Land  Storbritannia
Kart
Osmington Mills
50°38′14″N 2°22′29″W / 50.6372°N 2.37478°W / 50.6372; -2.37478
Wikimedia Commons: Osmington Mills

Osmington Mills er ein landsby på kysten mellom Ringstead Bay (i aust) og byen Weymouth (i vest) i Dorset i England. Han ligg i kommunen Osmington.

Landsbyen er ein populær turiststad med mange feriefasilitetar (mellom anna campingplass) og ein pub som har eksistert sidan 1200-talet. Det går turstiar frå landsbyen til Weymouth og Ringstead Bay.

Kystlinja her er ein del av Jurassic Coast i Dorset og det finst mange fossil i klippene her.[1] I vest ligg Black Head og bortanfor det Redcliff Point, der det er gjort fossilfunn.

Området rundt Osmington Mills og Osmington Bay vart målt av den engelske landskapsmålaren John Constable tidleg på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Osmington Mills fossils and fossil collecting». UKGE. 2008. Henta 9. januar 2010.