Osogovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osogovo
fjell
Toppen av Osogovo
Land  Bulgaria,  Nord-Makedonia
Høgd 2 251 moh.
Kart
Osogovo
42°09′30″N 22°31′00″E / 42.158333333333°N 22.516666666667°E / 42.158333333333; 22.516666666667
Wikimedia Commons: Osogovo

Osogovo (bulgarsk og makedonsk Осогово) eller Osogovska Planina (Осоговска планина eller Осоговска Планина) er eit fjell på grensa mellom Bulgaria (provinsen Kjustendil) og Nord-Makedonia (kommunane Kočani og Kriva Palanka). Fjellet er om lag 110 km langt og 50 km breitt, og den høgaste toppen er Ruen (Руен) på 2 251 meter. Den brattaste fjellsida er mot vest, og strekkjer seg ned frå Tsarev Vrv (Царев Врв; «Tsarens topp»).

Osogovo er den nordlegaste og høgaste delen av Osogovo-Belasitsa-gruppa, og ligg mellom dalane Kjustendil og Kamenitsa, og elvedalane Dobro pole, Bregalnitsa og Kriva Reka. Vestsida av fjellet er bratt, medan søraust sida er slak, og fjellet inneheld mykje polymetall.

Det er mange segner knytte til opphavet til namnet Osogovo, men den mest vidkjende er soga frå saksiske gruvearbeidarar som grov etter gull og sølv i området. I følgje denne soga kjem namnet av dei gamle germanske orda «osso» (gud) og «gov» (stad), som i lag tyder «ein gudommeleg stad».

Plantelivet inkluderer tre som eik, alm, agnbøk, ask, hassel og andre opp til om lag 1000 meter. Over her finn ein stort sett bøketre, og over 1 800 meter finn ein stort sett gras og einer. Fjellbekkane inneheld barbe, årbuk og fjellaure. Området inneheld òg den sjeldne alpine salamanderen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]