Ossetisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ossetisk
(Ирон ӕвзаг Iron ævzag)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Iransk
   Austiransk
    Nordaustiransk
     Ossetisk
Bruk
Tala i: Flag of Russia.svg Russland
Flag of Georgia.svg Georgia
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Ossetisktalande i alt: 526 453[1]
Skriftsystem: Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: os
ISO 639-2: oss
ISO 639-3: oss
Wikipedia på ossetisk

Ossetisk er eit iransk språk som blir tala i Ossetia, eit område i fjella på grensa mellom Russland og Georgia. Språket har kring 550 000 brukarar, om lag 451 000 i Russland, hovudsakleg i Nord-Ossetia[2] og rundt 100 000 i Sør-Ossetia i Georgia. Det er skule- og administrasjonsspråk i Nord- og Sør-Ossetia.

Ossetisk høyrer til den nordaustlege greina av dei iranske språka. Det stammar frå ein av de mange iranske dialektane som blei tala i Sør-Russland i oldtida og tidleg mellomalder.

Førstesida til første utgåva av Ræstdzinad frå 1923.

Dei to hovuddialektene er den austlege ironske, som har flest talarar, og den vestlege digorske. Skriftspråket byggjer på ironsk og blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dette alfabetet blei tilpassa ossetisk av språkforskaren Andreas Sjögren i 1844, med ulike representasjonar av kvar språklyd med bokstavar og diakritiske teikn. Etter eit kortvarig forsøk med latinske bokstavar gjekk dei sovjetiske styresmakten tilbake til dette alfabetet i 1936, med digrafar i staden for dei fleste diakritiske teikna. I Sør-Ossetia blei det georgiske alfabetet teke i bruk, noko som førte til folkeleg oppstand i 1951 og avskaffing i 1954.

Ossetiske ordtak skrivne med latinske bokstavar.

Ossetisk har ein rikhaldig folkloristisk tradisjon, noko av han med røter til den iranske oldtida. Det voks fram ein kristen litteratur frå byrjinga av 1800-talet. Den litterære aktiviteten voks også etter oktoberrevolusjonen i 1917. Kosta Khetagurov (1859–1906) er rekna som far til den nasjonale litteraturen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 2001
  2. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010