Ossola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Domodossola i Ossola

Ossola (italiensk Val d'Ossola, tysk Eschental) er eit dalføre i Italia nord for Lago Maggiore som er ein del av provinsen Verbano-Cusio-Ossola.

Det består av hovuddalen (sjølve Ossola) og sju sidedalar: Anzasca, Antrona, Bognanco, Divedro, Antigorio-Formazza, Isorno og Vigezzo. I tillegg består han av Val Grande, som er ein nasjonalpark.

I 1944 gjorde den italienske motstandsrørsla under den andre verdskrigen oppstand bak dei tysk linje, leia av Komiteen for Nasjonal Frigjering i Øvre Italia. Dette opprøret førte til at det vart oppretta fleire midlertidige partisanstyre i Nord-Italia, der Republikken Ossola var den viktigaste. Han vart anerkjend av Sveits og av allierte konsulat i Sveits. I løpet av få månader hadde tyskarane slått ned opprøret og området vart ikkje frigjort før dei siste åtaka i 1945. Ein av dei største busetnadane i Ossola er Domodossola.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]