Ostankino-tårnet

Koordinatar: 55°49′11″N 37°36′42″E / 55.81972°N 37.61167°E / 55.81972; 37.61167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ostankino)
Ostankino-tårnet

ArkitektNikolai Nikitin, Leonid Ilitch Batalov, Dmitri Ivanovich Burdin, Moisey Abramovitsj Sjkoed, Lev Nikolaevitsj Sjtsjipakin
Opna1968
Kart
Ostankino-tårnet
55°49′11″N 37°36′42″E / 55.819722222222°N 37.611666666667°E / 55.819722222222; 37.611666666667

Ostankino-tårnet (russisk Останкинская телебашня, Ostankinskaja telebasjnja) er eit friståande fjernsyn- og radiotårn i Moskva i Russland. Det er 540 meter høgt og vart teikna av Nikolaj Nikitin. Tårnet har ein roterande restaurant i 300 meter høgde.

Bygginga starta i 1963 og tårnet stod ferdig i 1967.Det var då den høgaste frittståande bygningen i verda dei neste åtte åra, før CN Tower vart bygd i Toronto i Canada i 1976. I 1994 var det planar om å sette på ei ny antenne som ville gjere tårnet 561 meter høgt, men på grunn av manglane finansiering vart ikkje dette utført.[1]

Etter Ostankino-tårnet stod ferdig vart ei rekkje høge tårn bygd i andre sosialistland, som i Kiev, Tasjkent, Almaty, Riga, Berlin, Vilnius, Tallinn, Jerevan, St. Petersburg og Baku. Sjølv om desse var over 300 meter høge var dei ikkje like høge som Ostankino.

Det har har vore fleire brannar i tårnet, og 27. august 2000 mista tre menneske livet i ein brann like over restauranten. Ein ny brann 25. mai 2007 var mindre alvorleg, og brannen vart isolert til utsida av tårnet, folk vart evakuerte og brannen vart sløkka utan nokon skadde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ostankino Tower». Emporis Research. Henta 6. november 2008. 
  2. Fire out at Moscow landmark tower. BBC News
Føregangar
John Hancock Center
Verdas høgaste frittståande byggverk
19671976
Etterfylgjar
CN Tower

55°49′11″N 37°36′42″E / 55.81972°N 37.61167°E / 55.81972; 37.61167