Ostankino-tårnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein flyformasjon ved Ostankino-tårnet.
Foto: Leonid Faerberg, 2010

Ostankino-tårnet (russisk Останкинская телебашня, Ostankinskaja telebasjnja) er eit friståande fjernsyn- og radiotårn i Moskva i Russland. Det er 540 meter høgt og vart teikna av Nikolaj Nikitin. Tårnet har ein roterande restaurant i 300 meter høgde.

Bygginga starta i 1963 og tårnet stod ferdig i 1967.Det var då den høgaste frittståande bygningen i verda dei neste åtte åra, før CN Tower vart bygd i Toronto i Canada i 1976. I 1994 var det planar om å sette på ei ny antenne som ville gjere tårnet 561 meter høgt, men på grunn av manglane finansiering vart ikkje dette utført.[1] Sjølv om antenna hadde vorte bygd ville Ostankino-tårnet likevel vorte forbigått av Russlandtårndet, ei 612 meter høg skyskrpar som er venta å stå ferdig i 2012.

Etter Ostankino-tårnet stod ferdig vart ei rekkje høge tårn bygd i andre sosialistland, som i Kiev, Tasjkent, Almaty, Riga, Berlin, Vilnius, Tallinn, Jerevan, St. Petersburg og Baku. Sjølv om desse var over 300 meter høge var dei ikkje like høge som Ostankino.

Dei siste åra har det vore fleire brannar i tårnet, og 27. august 2000 mista tre menneske livet i ein brann like over restauranten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ostankino Tower. Emporis Research. Vitja 6. november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ostankino-tårnet

Koordinatar: 55°49′11″N 37°36′42″E