Osterøybrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osterøybrua
Osteroybrua.JPG
Offisielt namn Osterøybrua
Transporterer Biltrafikk
Stad Bergen i Noreg
Opna 3. oktober 1997

Osterøybrua er ei bru mellom Kvisti i Osterøy kommune med fastlandet ved Herland aust for Bergen. Osterøybrua er ei hengebru og har et hovudspenn på 595 meter, medan tårna er 121,5 meter høge. Under prosjekteringa vart brua kalla Kvisti bru. Brua stod ferdig den 3. oktober 1997 og kosta kring 308 millionar kroner. Brua er den tredje største hengebrua i Noreg.

Opninga fann stad 28 år etter at dei første planane om eit ferjefritt fastlandssamband mellom Osterøy og Bergen vart lagt fram. Brua vart opna for trafikk av statsråd Sissel Rønbeck.

Eit særpreg med Osterøybrua var at ho den første tida gynga i vinden, og brua skremde opp både lokale folk, vegstyresmakter og lokalpolitikarar i Bergen. Brua er bygd for å tola vind opp til sterk storm. Brua gynga mest då vinden var kring 10 m/s (frisk bris). Ei tid etter bruopning vart det difor sett opp spoiler på sidene under brua. Etter at desse kom opp vart det slutt på gynginga. Seinare vart same løysinga nytta på trekantsambandet i Sunnhordland der bruene også gynga i vinden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]