Ostinato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ostinato (Latin: ostinatus, hardnakka) er i musikken nemninga på ein stadig gjentatt musikalsk figur, f.eks. ein melodi, ein bestemt rytme (jfr. Ravels Bolero) eller eit anna musikalsk element.

Prinsippet bak ostinato har ganske sikkert eksistert så lenge menneske har laga musikk. Den første kjelda går tilbake til høgmellomalderen. På 1600- og 1700-talet, den såkalla generalbassens tidsalder, blei ostinatet vanlegvis utført i bass-stemmen (basso ostinato). Ostinato fall ut av bruk som kunstnerisk uttrykksmiddel under wienerklassisismen, men fekk ei lita oppblomstring på 1800-talet.

Eit harmonisk ostinato er ein akkordgang som blir gjentatt om igjen og om igjen.

I rocken er namnet for eit ostinato riff, i jazz blir det kalla vamp, og i electronica loop.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]