Ostravice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ostravice
elv
Šancedemningen
Land  Tsjekkia
Nedslagsfelt 827 km²
Renn gjennom Ostrava
Sideelvar Čeladenka
Lengd 64 km
Middelvassføring 12,7 /s
Kjelde Bílá Ostravice i Dei moravisk-schlesiske Beskidane
 - høgd 900 moh.
Munning Oder ved Ostrava
 - høgd 190 moh.
Kart
Ostravice
49°27′18″N 18°28′03″E / 49.454981°N 18.467617°E / 49.454981; 18.467617
Wikimedia Commons: Ostravice (river)

Ostravice (polsk Ostrawica, tysk Ostrawitza) er ei elv i Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Dei moravisk-schlesiske Beskidane og renn gjennom Ostravice, Frýdlant nad Ostravicí, Frýdek-Místek og Paskov til Ostrava, der ho munnar ut i Oder, som ei av sideelvane frå høgre. Ho dannar delvis grensa mellom dei historiske områda Mähren (på venstresida) og Tsjekkisk Schlesien (på høgresida).

Elva har sitt utspring der elvene Bílá Ostravice (Kvite Ostravice) og Černá Ostravice (Svarte Ostravice) renn i hop. Dei renn begge gjennom djupe skogdalar, som er viktige framkomstvegar til feriestadane Bílá og Bílý Kříž. I 1970 vart det bygd ei demning på Ostravice, Šancedemningen, som fungerer som eit ferskvassreservoar for industriområda rundt Ostrava.

Ostravice renn så gjennom det åslendte landskapet mellom landsbyen Ostravice og Frýdek-Místek, og til slutt ut på låglandet rundt det industrialiserte området rundt Ostrava.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]