Ottaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otta

Otta er ei elv som renn frå tjernet Vuluvatnet (747 moh.) i Skjåk og ned til byen Otta, der ho renn ut i Gudbrandsdalslågen. Heile vegen renn elva langs riksveg 15. Der elva Framruste renn ut i Otta, ligg Framruste kraftverk.

Elv vert òg kalla Ottaelva, for å skilje ho frå byen, men dette er ikkje eit offisielt namn.

Otta fekk namnet etter otte. Elvenamnet Otta har å gjere med noko skremmande, noko som vekker otte.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.