Ottar Rekkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ottar Rekkedal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1948 (75 år)
Yrke lege

Ottar Kåre Rekkedal (fødd 28. oktober 1948) er ein norsk lækjar. Han vart fødd i Bondalen i dåverande Hjørundfjord kommuneSunnmøre. Han har arbeidd på Volda Sjukehus og på Sjukehuset Innlandet på Lillehammer.

Ottar Rekkedal fekk prisen Årets nynorskbrukar i 2009 for arbeidet sitt for å få bruke nynorsk i arbeidet på sjukehuset.

Ikkje berre skal eg stå inne for formuleringa som eg ikkje har laga, men eg skal og stå inne for at eg er språkleg evnukk.

Ottar Rekkedal i brev til administrerande direktar i Helse Sør-Aust [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Tidend Nr2 -april 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]