Ottar Vendilkråke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ottar Vendilkråke var ein konge av Ynglingeætta, son av Egil Vendilkråke og far til Adils. Han er omtala i Ynglingesoga og i Béowulf.

I følgje Snorre Sturlason var han i trette med Frode den frøkne, kongen i Danmark. Ottar nekta å gje Frode den skatten som Egil far hans hadde lova, og det kom til strid mellom kongane. Frode reiste til Svitjod og herja der, og året etter reiste Ottar til Danmark på hemntog. Han la til nord i Jylland, og herja i Vendsyssel, eller Vendil. Jarlane til Frode, Vott og Faste, samla ein hær mot Ottar og slog han. Ottar vart teken og lagt på ein haug, der fuglar og dyr reiv sund liket hans. Danene sende så ei Kråke av tre som vart send til Svitjod, og sa Ottar ikkje var meir verd enn denne kråka. Ottar vart kalla Vendilkråke i alle år etterpå.

Tjodolv seier i Ynglingatal:

Ottar fall
under ørneklo,
den dugande kjempa,
for danske våpn.
Ufreds-hauken
hakka med blodut
klo på Vendil
den vise kongen.
Eg veit, at um verke
til Vott og Faste
vil segnir ganga
millom svenske menn,
at jarlane hans Frode
gjævingen tok
og den drustelege
drap i hel.

Den eldste Noregshistoria fortel at Ottar vart drepen i Vendel i Danmark av ein namne, Ottar Danejarl. I samanlikninga mellom desse to kjeldene, kommenterte Halvdan Koht:

Egil blir hjå Are óg kalla med tilnamnet Vendelkråka; men Snorre fester dette tilnamnet til sonen Ottar, og det svarar med at Tjodolv segjer at Ottar fall i Vendel. Snorre meinte, liksom bokskrivaren her, at Vendel var i Danmark, sidan det står hjå Tjodolv at Ottar fall mot Danane; men no er det mange som trur at det er meint Vendel i Uppland i Sverike, og at Ottar fall der i strid med dei danske jarlane som Tjodolv kallar Våt og Faste, - det er vel Våt som hjå bokskrivaren her har vorte til Ottar Jarl. Sviakongen Ottar er dessutan nemnd i det angelsaksiske kvædet Béowulf frå om lag år 700; men der blir far hans kalla Anganty.

Béowulf kallar Ottar for Ohthere. Han er berre nemnd som far av Eadgils (Adils). At Ottar fall i det svenske Vendel, tykkjest vera meir truleg, av di Ottarshaugen (Ottarshögen) framleis er å finne i dette området.