Otto Ferdinand von Abensperg und Traun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Ferdinand von Abensperg und Traun

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 27. august 1677
Sopron
Død

18. februar 1748 (70 år)
Sibiu

Yrke militær, offiser
Far Otto Lorenz von Abensperg und Traun
Otto Ferdinand von Abensperg und Traun på Commons
Otto Ferdinand von Abensperg und Traun

Otto Ferdinand von Abensperg und Traun (27. august 167718. februar 1748) var ein Generalfeldmarschall frå Austerrike.

Han kom frå ein adleg familie og vart fødd i Ödenburg. Han starta på utdanninga si i Halle, men i 1693 forlet han universitetet for å gjere teneste for den prøyssiske kontingenten i den allierte hæren i Nederlanda. Han medverka i niårskrigen, og gjekk like etter denne krigen var over inn i keisarhæren. Den spanske arvefølgjekrigen følgde like etter og Traun utmerkte seg i Italia og ved Rhinen fram til 1709, då han vart oberstløytnant og aide-de-camp for feltmarskalk grev Guido Starhemberg (1654–1737) i Spania.

Eit år seinare vart han oberst, og i 1712 eiar for eit regiment til fots. Like etter krigen var over vart han igjen send ut i strid, og under ved FrancavillaSicilia (20. juni 1719) vart han hardt skadd. For felttoget i Sør-Italia vart han forfremma til General-Feldwachtmeister i 1723. I 1727 vart han guvernør i Messina, og i 1733 fekk han graden feltlmarskalkløytnant.

I 1734 spreidde rykte seg om han rundtom i Europa etter at han han forsvarte passet i San Germano og så den halvvegs øydelagde festninga i Capua, som han overgav. Han var då forfremma til Feldzeugmeister og vart tilsett i ei vanskeleg halvpolitisk leiing i Ungarn, før han vart øvstkommanderande i Nord-Italia og mellombels generalguvernør i Milano. I 1741 vart han feltmarskalk.

Dei italienske felttoga under den austerrikske arvefølgjekrigen var ein suksess under hans leiing fram til 1743, då feltmarskalk grev Khevenhüller døydde og han vart den fremste militærerådgjevaren til fyrst Karl Aleksander av Lorraine, som kommanderte austerrikarane i Böhmen og langs Donau. I denne posisjonen medverka han til handlingane som til slutt førte den austerrikske hæren over Rhinen, og dei dyktige strategiane som førte til at Fredrik II av Preussen vart tvungen til å forlate Böhmen og Mähren (1744) utan å møte han til kamp.

Traun siste aktive teneste var som kommandant av ein hær send til Frankfurt for å påverke valet av ein ny keisar som etterfølgde Karl VII. Han døydde ved Hermannstadt den 18. februar 1748.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]