Otto Gregussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Gregussen
Fødd15. september 1956 (67 år)
Bodø
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Otto Gregussen (fødd 15. september 1956) i Bodø er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Arbeidarpartiet.

I 1992 blei han utnemnd til politisk rådgjevar i Fiskeridepartementet, eit verv han hadde fram til 1994. Deretter var han statssekretær i det same departementet, fram til 1996.

I 2000 blei Otto Gregussen statsråd og sjef for Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i Jens Stoltenberg si første regjering. Han blei sitjande til regjeringa gjekk av etter stortingsvalet 2001.

Gregussen har også hatt fleire leiande stillingar innan fiskeriorganisasjonane og innan næringslivet. Han har blant anna vore administrerande direktør i Norske Fiskeoppdretteres Forening og administrerende direktør i Norshell. Han har også vore regiondirektør i Trøndelag NHO.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]