Otto Nordenskjöld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otto Nordenskjöld

Nils Otto Gustaf Nordenskjöld (fødd 6. desember 1869 i Hässleby i Jönköpings län, død 2. juni 1928 i Göteborg) var ein svensk geolog på Uppsala universitet, polforskar, professor og dessutan rektor ved Göteborgs handelshögskola. Han vart kjent for den svenske antarktisekspedisjonen i 1902 med skipet «Antarctic», der nordmannen Carl Anton Larsen var kaptein.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Nordenskjöld vart filosofie kandidat ved Uppsala universitet i 1889. I 1894 vart han filosofie licentiat og promovert til filosofie doktor ved same lærestad. Same år vart han tilknytt universitetet som dosent i mineralogi og geologi. I 1905 vart han professor i geografi (med handelsgeografi) og etnografi ved Göteborgs högskola. I åra 1914–1923 var han prorektor, og frå 1923 rektor, ved Handelshøgskolen i Göteborg.

Otto Nordenskjöld var formann i Geografiska föreningen frå 1908, medlem av styret for Göteborgs museum 1914, for Göteborgs stadsbibliotek 1914, for Göteborgs botaniska trädgård 1918, for «Kgl. och Hvitf. stipendieinrättningen» 1919, viseformann i styret for den broströmske donasjonen for Göteborgs Sjöfartsmuseum 1919, inspektør for Arbetareinstitutet, for Mathilda Halls skola og for Kvinnliga folkskoleseminariet.

Han var æresmedlem i The Explorers Club i 1912, saman med blant anna Fridtjof Nansen og Roald Amundsen.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Nordenskjöld leia mineralogiske ekspedisjonar til Patagonia i 1890-åra og til Alaska og Klondike-området i 1898.

Frå 1901 til 1904 leia han den svenske antarktisekspedisjonen med fartøyet «Antarctic». Ekspedisjonen vitja Falklandsøyane før skipet, under kommando av kaptein Carl Anton Larsen, sette av Nordensjöld si gruppe på Snow Hill Island, ei lita øy utanfor kysten av Antarktishalvøya. Nordenskjöld overvintra på auga medan «Antarctic» returnerte til Falklandsøyane. Neste sommar sigla Larsen sørover igjen for å plukke opp Nordenskjöld sine menn, men fartøyet fraus fast og knust av isen. Besetninga var difor naudtvungen til å overvintre i ein enkel steinhytte som dei oppførde på Paulet Island. Larsen og Nordenskjöld møttest igjen omsider i Hope Bay seint i 1903, der dei vart plukka opp av den argentinske korvetten «Uruguay» som hadde vorte sendt til berging då «Antarctic» ikkje hadde vendt tilbake til Sør-Amerika året før. Trass i dei store problema undervegs, vart ekspedisjonen rekna som ein vitskapleg suksess. Ekspedisjonen hadde utforska store delar av austkysten av Graham Land og bringa med seg verdifulle geologiske prøver og sjødyr. Nordenskjöld oppnådde varig ry heime, men dei store utgiftene etterlét han særs gjeldstynga.

Seinare utforska Nordenskjöld Grønland i 1909 og vende tilbake til Sør-Amerika for å forske i Chile og Peru på byrjinga av 1920-talet.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange stader er kalla opp etter Otto Nordenskjöld, som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]