Otto Sundgot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Sundgot
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1951 (73 år)
Noreg
Yrke fotballspelar

Otto Sundgot (fødd 23. februar 1951) er ein norsk tidlegare fotballspelar og fotballtrenar frå UlsteinSunnmøre.

Han har 6 landskampar for G-19 landslaget og 1 for U-21 landslaget.

Han var med i storheitstida til IL Hødd, saman med blant andre brørne Hallbjørn og Kjetil Hasund.

Otto Sundgot hadde også eit par sesongar som midtstoppar i Viking FK (1975-76, 28 kampar, 1 mål) der han fekk gull i 1. divisjon fotball for herrar 1975.

Han er far til fotballspelarane Arild Sundgot og Ole Bjørn Sundgot.

Otto Sundgot hadde lenge rekorden for flest Hødd-kampar, med 668 kampar (183 mål) for sesongane 1968-1988, fram til André Nevstad passerte han med no 682 kampar (91 mål) for sesongane 1988-2008.

Karriere som trenar[endre | endre wikiteksten]