Otto Valstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Valstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1862
Asker
Død

20. juni 1950 (87 år)

Yrke skribent, illustratør, kunstmålar, barnebokforfattar
Språk norsk
Ektefelle Tilla Valstad
Otto Valstad på Commons

Otto Valstad (fødd 11. desember 1862 i Asker, død 20. juni 1950) var ein norsk kunstmålar og illustratør.

Han utdanna seg til møbelsnikkar og lærar, men tok etter kvart til å måle. Som biletkunstnar laga han mellom anna landskapsmåleri og fleire portrett. Han dekorerte og Asker kyrkje og illustrerte bøker, mellom anna Arne Garborgs Kolbotn-Brev, i 1911, og kona si attdikting av Æsops fableri 1919. Han gav dessutan ut fem barnebøker med eigne illustrasjonar.

I 1902 flytta Otto Valstad attende til barndomsheimen på Hvalstad saman med kona si, forfattaren og læraren Tilla Valstad. I 1949 testamenterte dei eigedomen, og ei omfattande samling av kunst og kulturhistoriske gjenstandar, til Asker kommune. Bygningane og samlingane er ein seksjon av Asker museum, kalla Valstads samlinger.

Tilla og Otto Valstad høyrde til den såkalla Askerkretsen, eit tildels radikalt kunstnar- og norskdomsmiljø med forfattarar som Arne og Hulda Garborg, Rasmus Løland, Kristofer Uppdal, Oskar Braaten og Johan Bojer. Dei hadde og kontakt med Lysakerkretsen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]