Otto Winter-Hjelm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Winter-Hjelm

Fødd8. oktober 1837
FødestadChristiania
Død3. mai 1931 (93 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka somakademisk musiker, komponist, dirigent
MorWilhelmine Johanne Helene von Munthe af Morgenstierne
FarClaus Winter Hjelm

Otto Winter-Hjelm (fødd 8. oktober 1837 i Christiania, død 3. mai 1931) var ein norsk komponist, organist, dirigent og musikkritikar. Han fekk utdanninga si i Leipzig og Berlin.

Winter-Hjelm var ei førande drivkraft innan norsk musikk på slutten av 1800-talet. Han oppretta ein musikkskule i 1864, og starta og dreiv eit musikkakademi i Christiania saman med Edvard Grieg i 1866. Akademiet vart nedlagt då Grieg reiste til Italia i 1869.

Under salmesongstriden gav Winter-Hjelm ut mange skrift som demonstrerte stor og djuptgåande sakkunnskap. Han gav òg ut fleire pedagogiske skrift.

Han komponerte blant anna to symfoniar, fleire songar for mannskor, og dessutan universitetskantaten Lyset. Han var organist i Trefoldighetskyrkja i Oslo frå 1874 til 1921 og musikkritikar i Aftenposten frå 1887 til 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]