Oud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oud kan òg vera eit namn på elva Oust.
Oud
Oud.jpg
Klimpreinstrument
Andre namn Arabisk lutt. På arabisk heiter instrumentet 'ud eller al 'ud og på persisk barbat
Hornbostel-Sachs klassifisering 321.321-6
(Samansett kordofon spelt på med plekter)

Oud (utt. 'od') er ein korthalsa lutt som stammer frå Midt-Austen. Instrumentet spreidde seg i Middelhavslanda og er ofte rekna som opphavet til den europeiske lutten. Han kan spelast som soloinstrument eller saman med song.

Korleis spele oud med plekter.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ouden har fire eller fem strengekor. Fram til 800-talet hadde han fire enkle strengar, men deretter tok ein i bruk dobbeltstrengar, ofte også med ein bass-streng. Til forskjell frå lutt har han ingen strengebånd. Ein speler oud med eit fleksibelt plekter som er 10-15 cm langt.

Det finst tre hovudtypar av oud: Arabisk oud er den største, og finst i egyptiske, syriske og irakiske variantar. Tyrkisk oud er litt mindre, med noko kortare hals. Han er kjend som outi i Hellas, og finst også i Armenia. Persisk oud, kjend som barbat, er endå litt mindre, og har ofte strengeband. Ein bruker også oud i aserbajdsjansk musikk.

Speling[endre | endre wikiteksten]

Arabisk oud er tradisjonelt stemt i G - A - D - G - C med ein ekstra bass-streng i C eller E. Tyrkisk stemming er D - A - E - H - A - E. Det blir også brukt mange variantar utover desse grunnstemmingane. Fleirtona element blir danna gjennom at ein veskler raskt mellom høge og djupe tonar.

Rabih Abou-Khalil, Anouar Brahem og Marcel Khalifé er nokre kjende oud-spelarar.

Påverknad på andre instrument[endre | endre wikiteksten]

Ouden blei innført i Spania av maurarane, og danna dermed grunnlaget for utviklinga av den europeiske lutten. Han hadde også mykje å seia for utviklinga av gitaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oud