Our

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Our
Our nær Vianden
Our nær Vianden
Utspring Hautes Fagnes
- Høgd 653 m
Munning Sûre
Land i nedslagsfelt Tyskland, Belgia, Luxembourg
Lengd 78 km
Renn gjennom Vianden

Our er ei elv i Belgia, Luxembourg og Tyskland, og ei av sideelvane til Sûre frå venstre, med ei total lengd på 78 km.

Ho har sitt utspring i Hautes Fagnes søraust i Belgia nær Büllingen. Elva renn sørover, meir eller mindre langs grensa mellom Tyskland og Belgia, og etter Burg-Reuland langs grensa mellom Tyskland og Luxembourg. Den historiske byen Vianden ligg langs Our. Our munnar til slutt ut i elva Sûre ved Wallendorf.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]