Our Day Will Come

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Our Day Will Come
av Ruby & the Romantics
frå albumet Our Day Will Come
B-side

«Moonlight And Music»

Språk engelsk
Utgjeve 1963
Sjanger R&B
Lengd 2:32
Selskap Kapp Records K-501X
Komponist Mort Garson
Tekstforfattar Bob Hilliard
Låtskrivar(ar) Bob Hilliard, Mort Garson
Produsent Allen Stanton
Ruby & the Romantics-kronologi 
Our Day Will Come «My Summer Love»
(1963)


«Our Day Will Come» er ein popsong skriven av Bob Hilliard og Mort Garson. Songen vart ein stor hit for Ruby & the Romantics i 1963 og nådde toppen av singellista i USA.

Ruby & the Romantics-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivarane ønskte opphavleg å la ein etablert easy listening-artist spele inn songen, og gjekk berre med på å la den nye R&B-gruppa Ruby & the Romantics få spele inn songen etter at A&R-direktøren i Kapp Records, Al Stanton, lovde at om ikkje Ruby & the Romantics fekk ein hit med singelen, så skulle Jack Jones spele inn songen. Stanton spelte inn to versjonar av «Our Day Will Come» med Ruby & the Romantics, ein i middels tempo og ein annan i bossanovastil. Den sistenemnde hadde ein klassisk Hammondorgel-solo. og vart vald ut som singelutgåva i desember 1962. Denne nådde toppen av Billboard Hot 100 i mars året etter. «Our Day Will Come» gjekk til 11. plassen i Australia og 38. plassen i Storbritannia.[1] Medverkande på den originale innspelinga var Leroy Glover på orgel, Vinnie Bell, Al Gorgoni og Kenny Burrell på gitar, Russ Savakus på bass, Gary Chester on trommer og George Devens på perkusjon.

Amy Winehouse version[endre | endre wikiteksten]

Our Day Will Come
av Amy Winehouse
frå albumet Lioness: Hidden Treasures
Språk engelsk
Utgjeve 4. desember 2011
Innspelt Mai 2002 [2]
Sjanger
Selskap Island[2]
Komponist Mort Garson
Tekstforfattar Bob Hilliard
Låtskrivar(ar) Bob Hilliard og Mort Garson
Produsent Salaam Remi[2]
Amy Winehouse-kronologi 
«Body and Soul»
(2011)
Our Day Will Come Cherry Wine
(2012)


Amy Winehouse spelte inn songen for debutalbumet sitt Frank i 2002, men spelte han inn på ny. Den nye versjonen vart gjeve ut på den posthume utgjevinga Lioness: Hidden Treasures og som singel i november 2011. Det var den første singelen til Winehouse sidan «Love Is a Losing Game» i 2007 (ein duett me Tony Bennett på «Body and Soul».

Produsenten Salaam Remi, som hadde arbeidd med Winehouse på albuma Frank og Back to Black, i tillegg til den posthume samlinga, sa at «Our Day Will Come» var ein gripande påminning om talentet hennar. Musikkvideoen til «Our Day Will Come» var ein montasje av Winehouse gjennom karrieren hennar, med klipp frå andre musikkvideoar, konsertopptak og pressebilete.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2011–12) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 48
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[4] 48
European Hot 100 15
Frankrike (SNEP)[5] 54
Ungarn (Rádiós Top 40)[6] 27
Island (Lagalistinn)[7] 5
Liste (2011–12) Plassering
Japan (Japan Hot 100)[8] 14
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 52
Spania (PROMUSICAE)[10] 26
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 69
UK Singles (Official Charts Company)[12] 29

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]