Ourthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ourthe
Hotton, utsyn over Ourthe og bykyrkja.
Hotton, utsyn over Ourthe og bykyrkja.
Utspring Ourthe Occidentale og Ourthe Orientale
Munning Maas
Land i nedslagsfelt Belgia
Lengd 165 km
Sideelvar Amblève, Vesdre
Ourthe Occidentale og Austre Orientale renn i hop

Ourthe er ei 165 km lang elv i Ardennane i Wallonia, som ligg i Belgia. Ho er ei av sideelvane til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring der elvene Ourthe Occidentale og Ourthe Orientale renn i hop, vest for Houffalize.

Kjelda til Ourthe Occidentale er nær Libramont-Chevigny, i den belgiske provinsen Luxembourg. Kjelda til Ourthe Orientale er nær Gouvy, òg i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg.

Etter dei to elvene renn saman, renn Ourthe hovudsakleg nordvestover. Ho munnar ut i Maas ved byen Liège. Dei viktigaste sideelvane til Ourthe er Amblève og Vesdre. Av landsbyar langs Ourthe finn ein Houffalize (Ourthe Orientale), La Roche-en-Ardenne, Hotton, Durbuy, Hamoir og Esneux.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]