Out of Control av Sákis Rouvás

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Out of Control»
Eurovision Song Contest 2009
Land Hellas
Artist(ar) Anastásios Rouvás jr.
Alias Sákis Rouvás
Språk Engelsk
Komponist(ar) Dimítris Kontópoulos
Låtskrivar(ar) Aleksándra Zákka
Resultat
Plass 3

«Out of Control» (engelsk for Ute av kontroll) eller «Tha trelathó (Out of Control)» (gresk Θα τρελαθώ) er ein song av den greske songaren Sákis Rouvás. Songen er skriven av Dimítris Kontópoulos og Aleksándra Zákka. 11. april 2009 var songen teken med på nyutgjevinga av albumet Írthes, This Is Our Night, og seinare same år vart songen òg teken med på EPen Spáse to khróno. Både This Is Our Night og Spáse to khróno inneheld ein gresk og ein engelsk versjon av songen.

15. juli 2008 vart Sákis Rouvás vald internt av Ellinikí Radiofonía Tileórasi til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland. I den nasjonale uttakinga framførte Róuvas tre songer, mellom dei «Out of Control», på engelsk. «Out of Control» fekk ni prosent av røystane og enda på tredje- og sisteplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]