Out of Our Heads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Out of Our Heads
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1965
Innspelt 2. november 1964 – 6. september 1965
Sjanger
Lengd 29:36
Selskap Decca
Produsent Andrew Loog Oldham
Britisk The Rolling Stones-kronologi 
The Rolling Stones No. 2
(1965)
Out of Our Heads Aftermath
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
NME7/10[2]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[3]
BBCPositive[4]

Out of Our Heads er det tredje britiske og fjerde amerikanske albumet til The Rolling Stones. Albumet kom ut i 1965, men hadde noko forskjellig innhald i Storbritnnia og USA.

Den amerikanske utgåva kom først ut, i juli 1964, og var ei samling av studioinnspelingar som var gjort over eit halvt år, mellom anna hitsingelen «The Last Time» og den verdsomspennande kjempesuksessen «(I Can’t Get No) Satisfaction». I kjølvatnet av «Satisfaction» vart Out of Our Heads det første Rolling Stones-albumet som gjekk til topps i USA, og selde til slutt til platina. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone den amerikanske utgåva av albumet på 114. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene, og i 2012 på 116. plassen på den same lista.[5]

Den britiske utgåva kom ut i september same året, og med nye studioinnspelingar vart enkelte spor, mellom anna hitsinglane, byta ut. Desse nye songane kom seinare på den amerikanske December’s Children (And Everybody’s), i lag med andre songar som berre hadde vorte gjevne ut i Storbritannia. Out of Our Heads nådde andreplassen i Storbritannia, bak The Beatles sitt Help!. Det var òg det siste britiske albumet som var dominert av andre sine R&B-songar, og etter dette vart Mick Jagger og Keith Richards meir produktive låtskrivarar.

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«She Said «Yeah»»Sonny Bono, Roddy Jackson1:34
2.«Mercy, Mercy»Don Covay, Ronnie Miller2:45
3.«Hitch Hike»Marvin Gaye, Clarence Paul, William «Mickey» Stevenson2:25
4.«That's How Strong My Love Is»Roosevelt Jamison2:25
5.«Good Times»Sam Cooke1:58
6.«Gotta Get Away»Mick Jagger, Keith Richards2:06
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Talkin' 'Bout You»Chuck Berry2:31
8.«Cry to Me»Bert Russell3:09
9.«Oh, Baby (We Got a Good Thing Going)» (Opphavleg på The Rolling Stones, Now!)Barbara Lynn Ozen2:08
10.«Heart of Stone» (Opphavleg på The Rolling Stones, Now!)Mick Jagger, Keith Richards2:50
11.«The Under Assistant West Coast Promotion Man»Nanker Phelge3:07
12.«I'm Free»Mick Jagger, Keith Richards2:24


Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Out of Our Heads
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 30. juli 1965
Innspelt 2. november 1964 – 12. mai 1965
Sjanger Rock
Lengd 33:24
Selskap London
Produsent Andrew Loog Oldham
Amerikank The Rolling Stones-kronologi 
The Rolling Stones, Now!
(1965)
Out of Our Heads December's Children (And Everybody's)
(1965)
Singlar frå Out of Our Heads
  1. «The Last Time»
    Utgjeve: 13. mars 1965
  2. «(I Can't Get No) Satisfaction»
    Utgjeve: 6. juni 1965
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mercy, Mercy»Don Covay, Ronnie Miller2:45
2.«Hitch Hike»Marvin Gaye, Clarence Paul, William «Mickey» Stevenson2:25
3.«The Last Time»Mick Jagger, Keith Richards3:41
4.«That's How Strong My Love Is»Roosevelt Jamison2:25
5.«Good Times»Sam Cooke1:58
6.«I'm All Right» (opphavleg på Got Live If You Want It! EP)Ellas McDaniel2:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«(I Can't Get No) Satisfaction»Jagger, Richards3:42
8.«Cry to Me»Bert Russell3:09
9.«The Under Assistant West Coast Promotion Man»Nanker Phelge3:07
10.«Play with Fire»Phelge (Brian Jones, Jagger, Richards, Charlie Watts, Bill Wyman)2:13
11.«The Spider and the Fly»Jagger, Richards3:39
12.«One More Try»Jagger, Richards1:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

For den amerikanske utgåva

  • Brian Jones – elektrisk gitar (1-3, 6, 8, 11, 12), akustisk gitar (5), munnspel (9)
Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1965 UK Top 20 Albums[6] 2
1965 Billboard 200[1] 1
1965 Franske SNEP-lista[7] 7
Singlar
År Single Liste Plassering
1965 «The Last Time» UK Top 40 Singles[6] 1
1965 «(I Can't Get No) Satisfaction» UK Top 40 Singles[6] 1
1965 «The Last Time» The Billboard Hot 100[8] 9
1965 «Play with Fire» The Billboard Hot 100[8] 96
1965 «(I Can't Get No) Satisfaction» The Billboard Hot 100[8] 1
1965 «(I Can't Get No) Satisfaction» Billboard R&B Singles[9] 19

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Selskap Salstrofé
USA RIAA Platina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Allmusic review (US)
  2. «Review: Out of Our Heads». NME (London): 46. 8. juli 1995. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mai 2017, henta 25. mars 2018 
  4. https://www.bbc.co.uk/music/reviews/gxhj/
  5. Rocklist Music - Rolling Stone Top 500 Albums - 2012
  6. 6,0 6,1 6,2 http://www.everyhit.com/ Type in «rolling stones» under «Name of Artist»
  7. Tous les Albums classés par Artiste, Note : user must select The Rolling Stones in the list
  8. 8,0 8,1 8,2 «The Rolling Stones - Chart History». Billboard. Henta 26. mars 2016. 
  9. «Top Hip-Hop Songs / R&B Songs Chart». Billboard. Henta 26. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]