Ove Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ove Dahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1862
Orkdal kommune
Død

17. september 1940 (78 år)
Oslo

Yrke botanikar, historikar
Ove Dahl på Commons

Ove Christian Dahl (fødd 29. januar 1862 i Orkdalsøra, daud 17. september 1940 i Oslo) var ein norsk botanikar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Frå ein botanisk ekspedisjon på 1800-talet. Frå venstre: Asta Lundell, Ove Dahl, Axel Blytt og Thekla Resvoll.
Foto: Carl Strømer (Universitetet i Oslo)

Dahl tok latinartium i Trondheim og embetseksamen i filologi (oldnorsk) i Kristiania. Ved universitetet følgde han òg førelesningane til botanikkprofessor Axel Blytt. Etter eit år som lærar i Hønefoss tok Dahl til å arbeide meir med botanikk, og etter nokre år ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, vendte han tilbake til Kristiania og blei i 1893 assistenten til Axel Blytt.

I 1896 blei Dahl konservator ved Botanisk museum i Kristiania. Her blei han verande til 1922, då han trekte seg tilbake på grunn av psykiske problem. Dei tragiske siste atten åra av livet sitt budde han på Gaustad asyl.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Axel Blytt arbeidde med Haandbog i Norges flora då han døydde, og dette verket redigerte og utgav Dahl i 1906.

Dahl reiste mykje på botaniseringsturar i Noreg og gav ut fleire plantegeografiske arbeid, til dømes floraen for Ryfylke (1906–07), Helgeland (1912–15) og Finnmark (1934).

Dahl var ein flittig feltarbeidar og særs noggrann og påliteleg i skildringa av det han såg, men teoretiserte lite. Betydninga til Dahl ligg i at han i stor grad utvida kunnskapen om plantelivet i Noreg ved å dokumentere utbreidinga til vanlege artar samstundes som han gjorde fleire førstegongsfunn.

Professor Rolf Nordhagen heidra Dahl ved å gje svalbardvalmue det vitskapelege namnet Papaver dahlianum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]