Overflatespenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein mynt som flyt oppå vatnet som følgje av overflatespenninga.

Overflatespenning er ein eigenskap i overflata til ei væske som gjer at den klarar å motstå ei ytre kraft. Vatn har særs høg overflatespenning i forhold til andre væsker.[1] Vatn er bygd opp av hydrogenbindingar som har sterke bindingar mellom seg, dette medfører at vassmolekyla heng tett saman og dannar ei overflatehinne på vassoverflata. Krafta for å halda på overflatehinna kallast for overflatespenning og er ein potensiell energi lagra i overflata. Ein treng energi for å bryta hydrogenbindingane ved å flytta eit vassmolekyl frå det indre av vatnet til overflata. I tillegg treng ein energi for å riva laus vassmolekyl frå vassoverflata.[2] Overflatespenninga er årsaka til at lette objekt, som myntar og insekt, kan flyta på vatnet sjølv om dei har større densitet (massetettleik) enn væska. Ho forårsakar òg at vatn dannar ein boge i kontakt med andre objekt, til dømes kanten inni eit glas med vatn. Årsaka er at overflatespenninga held vassmolekyla saman og vekk frå lufta rundt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 21. november 2022 
  2. «Overflatespenning - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no (på bokmål), henta 11. november 2022 
  3. «Øyeblikket: Derfor er en dråpe nok», forskning.no (på norsk), 10. september 2015, henta 21. november 2022 
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.