Overhalla kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Overhalla)
Gå til: navigering, søk
Overhalla kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1744
Fylke Nord-Trøndelag
Adm.senter Ranemsletta
Areal 730 km²
Folkemengd 3 697 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Per Olav Tyldum (Sp)
Målform Nøytral
Nettstad www.overhalla.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1744.svg
Overhalla kommune på Commons

Overhalla er ein kommune i Nord-Trøndelag fylke. Kommunen grensar i nord mot Fosnes og Høylandet, i aust mot Grong, i sør mot Snåsa og Steinkjer og i vest mot Namsos. Administrasjonssenter er Ranemsletta. Laksefiskeelva Namsen og sideelva Bjøra, der kong Harald fiskar laks, renn gjennom Overhalla. Kommunevåpenet er på gylden botn med sju raude, utsvinga kross i ring, og våpenet er avleia av eit stempel som bøndene i Efri Halfua prega eit pergament med i samband med hyllinga av Håkon VI Magnusson i 1344. I kommunen ligg to kyrkjer, Ranem og Skage.

Historie [endre]

Det er gjort funn frå Steinaldertida i det som i dag er Overhalla, mellom anna i form av skiferknivar. 800 gravhaugar er registrerte i Overhalla,[2] og 500 av desse er storhaugar. Dei mest kjende av desse ligg på Bertnem, der det i Merovingartida var eit namdalsk sete for høvdingar av Ynglingeætta. Det er gjort funn av hustufter i nærleiken av Bertnemshaugane, dei eldste av desse langhusa på 40 gonger 8 meter frå 150 - 200 e.Kr.[3]

Ved rikssamlinga kring tusentalet vart området som i dag kallast Namdalen delt opp i to syssel: Nidri og Efri Halfua, nedre og øvre halvdel. Dette vart òg prestegjeld, med kvar seg Nærøy og Ranum som sentra. Efri halfua vart etterkvart brukt både i geistleg og verdsleg administrasjon. Det geografiske området som bar namnet skrumpa derimot stadig inn, til det vart avgrensa for bygda kring Ranem kyrkje. I 1917 vart namnet fastsett til Overhalla ved kongeleg resolusjon.[4] Namnet «Dalen» skal likevel ha vore eit eldre namn for ein del av det området som i dag utgjer Overhalla. Ein møter dette namnet i skriftlege kjelder på 1500-talet, mellom anna i «Gaandske Nommedalls leens beskriffuelse aar 1597», kor det blir tala om «Offuer halltz gield, eller Dallen».[5]

Allereie i sagaene møter ein overhallningar. Landnåmsmannen Torstein Kvite på Island skal nemleg ha vore frå Overhalla, rettare sagt Almdolum.[6] I Ågrip møter ein dessutan soga om Igda, ei dronning frå ein kongsgard på Øvre Veglo, som drukna seg i ein bekk her.[7] Elles er den første skriftlege kjelda der Overhalla blir nemnd eit mellomalderdiplom frå 5. april 1309, gjeldande eit hæroppbod mot Jemtland frå «æfra haulfu j Naumadale».[8]

På Melen under Hallvardmo ved Namsen har det truleg vore marknad langt tilbake i tid. Sikre prov vi ikkje før frå 1600-talet.[9] Her vart det halden marknad i oktober, der det vart byta ulike landbruks- og tekstilvarer, fisk og tran. Hit kom bønder frå indre og yttre Namdalen i den namdalske båten lafar stakande på Namsen. I 2008 og 2010 vart det arrangert martna på nytt her, for å minnast den gamle marknaden.

Kyrkja i Overhalla er bygd i 1187. Bygget er i romansk stil, og byggematerialet er gråsteinmarmorsokkel, medan taket og tårnet er av tre. Klenodiet i kyrkja er altertavla frå 1678, som òg var det einaste ein klarte å redda ut då kyrkja brann i 1899.[10]

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]

  1. Kjelde: SSB
  2. http://overhallainfo.no/
  3. http://overhallainfo.no/index.krv?tema_art_id=319
  4. Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1968), 41-43.
  5. Jørn Sandnes, Namdalens historie: til år 1600 (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1965), 37.
  6. Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V, 60.
  7. Jørn Sandnes, Namdalens historie, 185.
  8. Diplomatarium Norvegicum, bd. 1, red. av Chr.C.A. Lange og Carl R. Unger (Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel, 1847), 108.
  9. Jørn Sandnes, Namdalens historie, 335.
  10. http://overhallainfo.no/index.krv?tema_art_id=318