Overstyrmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein overstyrmann har ansvaret for lasta ombord

Ein overstyrmann er ein offiser som leiar dekksdepartementet på eit fartøy og er den høgaste graden for styrmann. Ein overstyrmann har kapteinen over seg. Tidlegare vart denne høgaste graden kalla førstestyrmann. I dag vert førstestyrmann nytta om den nest høgaste graden for styrmann.

Overstyrmannen har vanlegvis ansvaret for lasta ombord på eit skip og mannskapet. Den faktiske tittelen kan varierer frå skip til skip, nasjonalitet, handel og selskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]