Owen Chamberlain
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Owen Chamberlain | |
Owen Chamberlain. |
|
| Fødd | 10. juli 1920 San Francisco i California i USA |
|---|---|
| Død | 28. februar 2006 (85 år) Berkeley i California i USA |
| Nasjonalitet | Amerikansk |
| Institusjonar | Los Alamos National Laboratory |
| Alma mater | Dartmouth College University of California, Berkeley University of Chicago |
| Kjend for | Partikkelfysikk |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1959) |
Owen Chamberlain (10. juli 1920–28. februar 2006) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1959 saman med italieneren Emilio Segrè «for oppdaginga deira av antiproton».
Han studerte fysikk ved Dartmouth College der han var medlem av Theta Chi Fraternity og ved University of California, Berkeley. Han vart verande på skulen fram til starten av andre verdskrigen og vart ein del av Manhattanprosjektet i 1942 der han jobba med Segrè, både ved Berkeley og ved Los Alamos i New Mexico. Han gifta seg med Beatrice Babette Copper (d. 1988) i 1943 og dei fekk fire barn.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Owen Chamberlain» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.