Oxwich Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oxwich Bay på Gowerhalvøya i Sør-Wales

Oxwich Bay er ei bukt sør på Gowerhalvøya i Wales.

Landskapet her består av sanddyner, marskland og skogområde. Oxwich Bay omfattar ei 4 km lang sandstrand som ein kan nå frå landsbyen Oxwich. Stranda vert nytta til bading, dykking, segling, vasski og brettsegling.

Fleire undersjøiske kablar går frå det britiske fastlandet ved Oxwich, mellom anna den transatlantiske telefonkabelen Gemini North.

I februar 2007 kåra Travel Magazine stranda i Oxwich til den vakraste i Storbritannia.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC News South West - Gower beach named Britain's best

Koordinatar: 51°33′57″N 4°8′48″W