Oziorsk i Tsjeljabinsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen med same namn i Kaliningrad oblast sjå Oziorsk i Kaliningrad oblast.
Oziorsk
Озёрск
Horisonten til Oziorsk
Horisonten til Oziorsk
Flagget til Oziorsk Byåpenet til Oziorsk
Flagget til Oziorsk Byvåpenet til Oziorsk


Plassering
Oziorsk i Tsjeljabinsk oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1945
1954
Borgarmeister Sergei Tsjernysjev
Geografi
Flatevidd
 - By

657,32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

87 200
  132,7 /km²
Koordinatar 55°45′″N 60°43′″EKoordinatar: 55°45′″N 60°43′″E
Høgd over havet 240 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 456780–456790
Retningsnummer (tlf) (+7)35130
Nettstad: [http://[adm.ozersk.ru adm.ozersk.ru] [adm.ozersk.ru adm.ozersk.ru]]

Oziorsk (russisk Озёрск) er ein lukka by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagt ved breidda av innsjøen Irtjasj i 1945. I starten var han kjend som Tsjeljabinsk-40, og fram til 1994 som Tsjeljabinsk-65 (tala er dei siste sifra i postnummeret og namnet er den næraste større byen. Det var ein vanleg praksis for å namngje lukka byar). I 1994 fekk busetnaden bystatus og vart omdøypt til Oziorsk.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Oziorsk var og er framleis ein lukka by på grunn av nærleiken til Majak-fabrikken, ei av kjeldene til sovjetisk plutonium under den kalde krigen og no ein russisk installasjon for prosessering av radioaktivt avfall og resirkulering av kjernefysisk materiale frå destruerte atomvåpen.

Sjølve fabrikken dekker eit område på rundt 90 km² og har om lag 30 200 tilsette. Majak driv primært med reprosessering av brukt kjernefysisk drivstoff frå atomdrivne ubåtar og isbrytarar og frå atomkraftverk. Kommersielt produserer fabrikken kobolt-60, iridium-192, karbon-14 og etablerer konverteringsproduksjon ved bruk av strålingsteknologi og avfallsfrie teknologiar.

Våpenskjoldet til byen viser ein eldfarga salamander som representerer den økologiske situasjonen etter ei ulukke i 1957.

Ei anna større bedrift er Sør-Ural Konstruksjonavdeling (russisk: ЗАО "Южноуральское управление строительства"). Dei driv med byggeverksemd for atomindustrien, produksjon av betongkonstruksjonar og byggematerial.

Hovudprodukta til Fabrikk nr.2 for kabelprodukt (russisk: ЗАО "Завод электромонтажных изделий №2") er svaksstraumsprodukt for militært-industrielle formål.

Ulukka i 1957[endre | endre wikiteksten]

Majak var åstad for ei større atomulukke i 1957, som medførte alvorleg radioaktiv forureining i Oziorsk og området rundt byen. Hovudvegen frå Tsjeljabinsk til Jekaterinburg går gjennom den radioaktive sonen etter ulukka. Når du reiser med buss, er vegskiltet som viser vegen ned ein sideveg til landsbyen Kysjtym det einaste teiknet på at du er der.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]