P

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Bokstaven P (p) er den 16. bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (Π, π) alfabetet. Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. På semittisk heiter bokstaven pe, som tyder «munn» og i den opphavlege biletskrifta har teiknet gjengitt ein munn. Grekarane kalla han pei, seinare pi, og etruskarane og etter dei romarane kalla han pe. Den latinske bokstavforma er påverka av den greske bokstavforma for r. I det eldre runealfabetet er bokstaven sjette rune i andre ætt.

Det greske alfabetet hadde ein særskild bokstav for ph (Φ, φ), med namnet phei eller phi. Frå keisartida vart han uttalt f og fi. I tillegg hadde dei ps (Ψ, ψ), med namnet psei eller psi. Desse var respektive 21. og 23. bokstav i alfabetet. Av Φ utvikla det romerske talteiknet M = 1000 seg, av Ψ talet L = 50.

I norsk er p ein stemmelaus, bilabial lukkelyd, aspirert i framlyd og utlyd, medan han er uaspirert etter s og mellom vokalar.

Versalen P kan vere[endre | endre wikiteksten]

Minuskelen p kan vere[endre | endre wikiteksten]

  • prefikset piko- (=10-12) i SI-systemet. Til dømes i pikometer (pm).
  • i musikk er p ei forkorting for piano, som tyder svakt. Enno svakare vert skrive pp (pianissimo) og ppp (piano pianissimo). Ei anna forkorting innan musikk er pedal.
  • forkorting for mynten penny, eller pence i fleirtal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]