Pátmos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pátmos
Lokalt namn: Πάτμος
Skála på Pátmos
Skála på Pátmos
Geografi
2011 Dimos Patmou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°19′N 26°30′EKoordinatar: 37°19′N 26°30′E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 34,6 km²
Høgaste punkt Profitis Ilias (269 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Pátmos (541 innb.)
Demografi
Folketal 3 047 (2001)
Folketettleik 67,7 /km²

Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy i Hellas og den nordlegaste øya i Dodekanesane i Egearhavet. Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.

Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Dei største landsbyane på Pátmos er Khóra (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppene Arkí, som høyrer til Pátmos kommune, og Lipsí, som er eigen kommune.

Pátmos er mest kjend for å vere nemnd i Johannes' openberring, og forfattaren apostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristen pilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.

Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del av UNESCO si verdsarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart styrt av tyrkarane i mange år. Pátmos vart erobra av italienarane i 1912 under den tyrkisk-italienske krigen. I 1915 vart Pátmos framleis under italiensk kontroll. Pátmos vart avstått til Hellas etter den andre verdskrigen.

Pátmos er i dag ein turistattraksjon på grunn av dei naturskjønne omgivnadane og dei religiøse heilagdomane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pátmos

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou