Pär Lagerkvist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pär Lagerkvist

Pär Lagerkvist (23. mai 189111. juli 1974) var ein svensk forfattar. Lagerkvist var medlem av Svenska Akademien frå 1940. I 1951 vart Lagerkvist tildelt nobelprisen i litteratur. I svensk samanheng vert Lagerkvist rekna som ein fornyar innanfor alle litterære sjangre. Lagerkvist var fødd og voks opp i Smålandsbyen Växjö, kor far hans arbeidde ved jarnbanen. Kristeleg pietisme prega oppveksten i barndomsheimen. Spørsmål om tru og tvil blei viktige tema i Lagerkvist sitt forfattarskap.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Pär Lagerkvist debuterte i 1912 med novella Människor. Temaet var det sekulariserte meneskje sin angst over å leve i ei verd utan Gud. Det eksistensielle spørsmålet kjem attende i fleire av tekstane til Lagerkvist: til dømes i titteldiktet frå samliga Ångest (1916) og i dei to romanane Barabbas og Sibyllan. Handlinga i romanane Bödeln og Dvärgen er lagd til historiske miljø, den første til mellomalderen, den andre til renessansen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Människor (1912)
  • Ordkonst och bildkonst (1913)
  • Två sagor om livet (1913)
  • Motiv (1914)
  • Järn och människor (1915)
  • Ångest (1916)
  • Sista människan (1917)
  • Teater (1918)
  • Himlens hemlighet (1919) (pjäs)
  • Kaos (1919)
  • Det eviga leendet (1920)
  • Den lyckliges väg (1921)
  • Den osynlige (1923)
  • Onda sagor (1924)
  • Gäst hos verkligheten (1925)
  • Hjärtats sånger (1926)
  • Det besegrade livet (1927)
  • Han som fick leva om sitt liv (1928)
  • Kämpande ande (1930)
  • Konungen (1932)
  • Vid lägereld (1932)
  • Bödeln (1933)
  • Den knutna näven (1934)
  • I den tiden (1935)
  • Människan utan själ (1936)
  • Genius (1937)
  • Seger i mörker (1939)
  • Den befriade människan (1939)
  • Sång och strid (1940)
  • Dvärgen (1944)
  • Låt människan leva (1950)
  • Barabbas (1950) (svensk film laga i 1953, amerikansk film laga i 1962)
  • Aftonland (1953)
  • Sibyllan (1956)
  • Ahasverus död (1960)
  • Pilgrim på havet (1962)
  • Det heliga landet (1964)
  • Mariamne (1967)
  • «En hjältes död» (novelle)