Påfuglen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påfuglen
Påfuglen
Påfuglen
Latinsk namn Pavo
Forkorting Pav
Genitivsform Pavonis
Symbologi Namnsett av Bayer
Rektasensjon 20 h
Deklinasjon −65°
Areal 378 kvadratgrader
nr. 44 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne α Pav (1,94. mag.)
Meteorsvermar

Delta-pavonidane

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +30° og −90°

Påfuglen (frå latin Pavo) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Pavonis, er òg kjend som Påfuglen, og har ein storleiksklasse på 1,91 og er ei blåkvit stjerne. Delta Pavonis er ei nærliggande, solliknande stjerne, som ligg 19,9 lysår unna. Ein har funne planetar kring seks av stjernene i Påfuglen, mellom anna HD 181433 med ei superjord, og HD 172555 med spor etter store interplanetære kollisjonar dei siste par tusen åra. Stjernebiletet inneheld NGC 6752, den tredje mest lyssterke kulehopen på himmelen og spiralgalaksen NGC 6744, som minnar om Mjølkevegen, men er dobbelt så stor.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Påfuglen slik det er for det nakne auga.

Sjølv om Bayer tok med stjernebiletet på kartet sitt over nattehimmelene, gav han ingen av stjernene Bayernemningar. Den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille gav dei nemningar Alfa til Omega i 1756, men utelet Psi og Xi.

Nær nordgrensa til stjernebiletet ligg Alfa Pavonis, den mest lyssterke stjerna i Påfuglen.[1] Ho har ein tilsynelatande storleik på 1,91 og spektralklasse B2IV.[2] Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne og ein estimerer at avstanden mellom dei to stjernene er 0,21 astronomisk einingAU eller berre halvparten av avstanden mellom Merkur og sola.[3] Dei to stjernene brukar berre 11 dagar og 18 timar på å rotere rundt kvarandre.[1] Stjernesystemet ligg kring 180 lysår frå jorda.[3]

Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3,43, Beta Pavonis er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei kvit kjempe med spektralklasse A7III,[4] og er ei aldrande stjerne som har brukt opp hydrogenet i kjernen og er i ferd med å avkjølast og flytte seg bort frå hovudserien. Ho ligg 135 lysår frå solsystemet.[5]

Nokre få grader vest for Beta ligg Delta Pavonis, ei nærliggande som liknar på sola, men som har utvikla seg vidare.[1] Dette er ei gul subkjempe med spektralklasse G8IV og tilsynelatande storleiksklasse 3,56 som ligg berre 19,9 lysår frå jorda.[6] Aust for Beta og aust i stjernebiletet ved grensa til Indianaren ligg Gamma Pavonis, ei meir lsysvak, sol-liknande stjerne, 30 lysår frå jorda med ein storleiksklasse på 4,22 og stjerneklasse F9V.[7] Andre nærliggande stjerner i Påfuglen er mykje meir lyssvake: SCR 1845-6357 er eit dobbeltstjerne med ein tilsynelatande storleiksklasse på 17,4 som består av ein raud dverg og ein brun dverg kring 12,6 lysår unna, medan Gliese 693 er ein raud dverg med storleiksklasse 10,78 som ligg 19 lysår unna.[8]

Påfuglen inneheld fleire variable stjerner. Lambda Pavonis er ei lyssterk irregulær variabel som varierer i storleiksklassar mellom 3,4 og 4,4. Denne variasjonen kan ein sjå med det nakne auga. Ho er klassifisert som ein Gamma Cassiopeiae-variabel,[9] med spektralklasse B2II-IIIe og ligg kring 1430 lysår frå jorda.[10] Kappa Pavonis er ein W Virginis variabel—ein underklasse av ein kefeide.[9] Ho varierer frå storleik 3,91 til 4,78 over 9 dagar og er ei gulkvit superkjempe som pulserer mellom spektralklassane F5I-II og G5I-II.[11] NU og V Pavonis er pulserande halvregulær variabel|halvregulære variable, raude kjempestjerner. NU har spektralklasse M6III og varierer frå storleik 4,9 til 5,3,[12] medan V Pavonis varierer frå storleik 6,3 til 8,2 over to periodar på 225,4 og 3735 dagar.[9] V er ei karbonstjernemed spektralklasse C6,4(Nb)[13] og ein markant raudfarge.[9]

Vest i stjernebiletet i halen til fuglen ligg Eta og Xi Pavonis.[14] Med tilsynelatande storleiksklasse 3,6 er Eta ei lyssterk oransje kjempe med spektralklasse K2II kring 350 lysår frå jorda.[15] Xi Pavonis er eit fleirstjernesystem som er synleg i små teleskop som ei lys oransje stjerne og ei meir lyssvak kvit stjerne.[9] Systemet ligg kring 470 lysår frå jorda, og har ein storleiksklasse på 4,38.[16] AR Pavonis er ie lyssvak, men mykje studert formørkande dobbeltstjerne som består av ei raud kjempe og ei mindre varmare stjerne som ligg 18 000 lysår frå jorda. Ho har somme av eigenskapane til ein kataklysmisk variabel, der den mindre komponenten truleg har ei akkresjonsskive.[17] Den tilsynelatande storleiksklassen varierer frå 7,4 til 13,6 over 605 dagar.[18]

Planetsystem og fragmentskiver[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne seks stjerner med planetsystem. Ein har oppdaga tre planetar i systemet til den oransje stjerna HD 181433, ei indre superjord med ei omlaupstid på 9,4 dagar og to ytre gasskjemper med periodar på 2,6 og 6 år.[19] HD 196050 og HD 175167 er gule klasse G-stjerner som liknar på sola, medan HD 190984 er ei klasse F hovudseriestjerne som er noko større og varmare enn sola. Alle tre har ei gasskjempe kvar.[20][21][22] HD 172555 er ei ung kvit hovudseriestjerne klasse A, med to planetar som verkar å ha støytt saman i ein kraftig kollisjon i løpet av dei førre par tusen åra. Spektroskopiske spor har synt store mengder silisiumdioksid-gass som indikerer at den minste av dei to, som kan ha vore minst like stor som månen, vart øydelagd, og at den større, som minst er like stor som Merkur, vart kraftig skadd. Spor etter kollisjonen vart funnen med NASA sitt Spitzer Space Telescope.[23] Sør i stjernebiletet ligg Epsilon Pavonis, med storleiksklasse 3,95. Ho er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A0Va kring 105 lysår frå jorda.[24] Ho verkar å vere omgjeve av ein smal ring av støv i ein avstand på kring 107 AU.[25]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Kulehopen NGC 6752 har kring 100 000 stjerner.

Djupromsobjekta i Påfuglen er mellom anna NGC 6752, den tredje største kulehopen på himmelen, etter 47 Tukanene og Omega Centauri. Hopen er estimert å vere 100 lysår brei, og ein trur han inneheld 100 000 stjerner.[26] Tre grader lenger sør ligg NGC 6744,[1] ein spiralgalakse kring 30 million lysår frå jorda som liknar på Mjølkevegen, men er dobbelt så stor.[27] Det vart oppdaga ein supernova i galaksen i 2005;[28] kjend som SN2005at og med ein storleiksklasse 16,8 då han var på det største.[29] Dverggalaksen IC 4662 ligg 10 bogeminutt nordaust for Eta Pavonis,[9] og har storleiksklasse 11,62.[30] Han ligg berre 8 millionar lysår unna, og har fleire område med høg stjernedanning.[31] Galaksen IC 4965 ligg 1,7 grader vest for Alfa Pavonis, og er eit sentralt medlem i Shapley-superhoopen.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1991). The Constellations: An Enthusiast's Guide to the Night Sky. London, United Kingdom: Aurum Press. s. 385, 388–89. ISBN 978-1-85410-088-7. 
  2. «Peacock – Spectroscopic Binary». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 3. juli 2016. 
  3. 3,0 3,1 Kaler, James B. «Peacock». Stars. University of Illinois. Henta 3. juli 2016. 
  4. «Beta Pavonis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 3. juli 2016. 
  5. Kaler, James B. (24. september 2010). «Beta Pavonis». Stars. University of Illinois. Henta 3. juli 2016. 
  6. «Delta Pavonis – Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 3. juli 2016. 
  7. Mosser, B.; Deheuvels, S.; Michel, E.; Thévenin, F.; Dupret, M.A.; Samadi, R.; Barban, C.; Goupil, M.J. «HD 203608, a Quiet Asteroseismic Target in the Old Galactic Disk». Astronomi and Astrophysics 488 (2): 635–42. Bibcode:2008A&A...488..635M. arXiv:0804.3119. doi:10.1051/0004-6361:200810011. 
  8. «GJ 6,3 – Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 21. mai 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Inglis, Mike (2004). Astronomi of the Mjølkevegen: Observer's Guide to the Southern Sky. New York, New York: Springer. s. 153–54. ISBN 978-1-85233-742-1. 
  10. «Lambda Pavonis – Be Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 21. mai 2016. 
  11. «Kappa Pavonis». International Variable Star Index. AAVSO. 7. januar 2011. Henta 21. mai 2016. 
  12. «NU Pavonis». International Variable Star Index. AAVSO. 7. januar 2011. Henta 21. mai 2016. 
  13. «V Pavonis». International Variable Star Index. AAVSO. 7. januar 2011. Henta 21. mai 2016. 
  14. 14,0 14,1 Streicher, Magda (October 2010). «Pavo—A Fanciful Bird» (PDF). Deepsky Delights. The Astronomical Society of Southern Afrika. Henta 26. august 2013. 
  15. «Eta Pavonis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 26. august 2013. 
  16. «Xi Pavonis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 25. august 2013. 
  17. Skopal, A.; Djurašević, G.; Jones, A.; Drechsel, H.; Rovithis-Livaniou, H.; Rovithis, P (2000). «A Photometric Study of the Eclipsing Symbiotic Binary AR Pavonis» (PDF). Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 311 (2): 225–33. Bibcode:2000MNRAS.311..225S. doi:10.1046/j.1365-8711.2000.03040.x. 
  18. «AR Pavonis». International Variable Star Index. AAVSO. 4. januar 2010. Henta 25. august 2013. 
  19. Bouchy, F.; Borgarmeister, M.; Lovis, C.; Udry, S.; Benz, W.; Bertaux, J.-L.; Delfosse, X.; Mordasini, C.; Pepe, F. (2009). «The HARPS Search for Southern Extra-solar Planets. XVII. Super-jorda and Neptune-mass Planets in Multiple Planet Systems HD 47186 and HD 181433». Astronomi and Astrophysics 496 (2): 527–31. Bibcode:2009A&A...496..527B. arXiv:0812.1608. doi:10.1051/0004-6361:200810669. 
  20. Jones; Paul Butler, R.; Marcy, Geoffrey W.; Tinney, Chris G.; Penny, Alan J.; McCarthy, Chris; Carter, Brad D. (2002). «Extrasolar Planets around HD 196050, HD 216437 and HD 160691». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 337 (4): 1170–78. Bibcode:2002MNRAS.337.1170J. arXiv:astro-ph/0206216. doi:10.1046/j.1365-8711.2002.05787.x. Arkivert frå originalen (abstract) 4. desember 2012. Henta 3. juli 2016. 
  21. Arriagada, Pamela; Butler, R. Paul; Minniti, Dante; López-Morales, Mercedes; Shectman, Stephen A.; Adams, Fred C.; Boss, Alan P.; Chambers, John E. (2010). «Five Long-period Extrasolar Planets in Eccentric Orbits from the Magellan Planet Search Program». The Astrophysical Journal 711 (2): 1229–35. Bibcode:2010ApJ...711.1229A. arXiv:1001.4093. doi:10.1088/0004-637X/711/2/1229. 
  22. Santos, N.C.; Borgarmeister, M.; Benz, W.; Bouchy, F.; Figueira, P.; Lo Curto, G.; Lovis, C.; Melo, C.; Moutou, C. (2010). «The HARPS Search for Southern Extra-solar Planets XXI. Three New Giant Planets Orbiting the Metal-poor Stars HD 5388, HD 181720, and HD 190984». Astronomi and Astrophysics 512 (A47): 1–6. Bibcode:2010A&A...512A..47S. arXiv:0912.3216. doi:10.1051/0004-6361/200913489. 
  23. Lisse, C.M.; Chen, C.H.; Wyatt, M.C.; Morlok, A.; Song, I.; Bryden, G.; Sheehan, P. (16. juni 2009). «Abundant Sirkumstellare skiver Silica Dust And Sio Gas Created By A Giant Hypervelocity Collision In The ~12 Myr HD172555 System». Astrophysical Journal 7,1 (2): 984–97. Bibcode:2009ApJ...701.2019L. arXiv:0906.2536. doi:10.1088/0004-637X/701/2/2019. 
  24. «Epsilon Pavonis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 211. juni 2016. 
  25. Booth, Mark; Kennedy, Grant; Sibthorpe, Bruce; Matthews, Brenda C.; Wyatt, Mark C.; Duchêne, Gaspard; Kavelaars, J.J.; Rodriguez, David; Greaves, Jane S.; Koning, Alice; Vican, Laura; Rieke, George H.; Su, Kate Y.L.; Moro-Martín, Amaya; Kalas, Paul (2012). «Resolved Debris Discs Around A Stars in the Herschel DEBRIS Survey». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 428 (2): 1263–80. Bibcode:2013MNRAS.428.1263B. arXiv:1210.0547. doi:10.1093/mnras/sts117. 
  26. Nemiroff, Robert; Bonnell, Jerry (5. juli 2013). «Globular Star Cluster NGC 6752». Astronomi Picture of the Day. NASA. Henta 3. juli 2016. 
  27. Hook, Richard (1. juni 2011). «A Postcard from Extragalactic Space? A spiralgalakse that resembles our Mjølkevegen». Europaan Southern Observatory. ESO Images and Downloads. Henta 3. juli 2016. 
  28. Mobberley, Martin (1999). The Caldwell Objects And How to Observe Them. New York, New York: Springer. s. 208–09. ISBN 978-1-4419-0326-6. 
  29. Bishop, David (10. september 2103). «Bright Supernovae - 2005». Astronomi Section. Rush, New York: Rochester Academy of Science. Henta 22. september 2013. [daud lenkje]
  30. «IC 4662 – Blue compact Galaxy». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 21. mai 2016. 
  31. McQuinn, K. (30. april 2009). «Hubble ACS image of IC 4662». Hubble website. Europaan Space Agency (ESA). Henta 21. mai 2016. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Påfuglen

Koordinatar: Sky map 20h 00m 00s, −65° 00′ 00″