Påhengsmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gummibåt med påhengsmotor.

Påhengsmotor er ein båtmotor som vert montert på bakspegelen eller på ripa og heng på utsida av båten. Føremonen med dette er at ein slepp arbeidet, og kostnadane, med å montera fast motor i båten og at det er lett å fjerna motoren og ta han med seg for å lagra han innomhus eller nytta han på ein annan båt.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Suzuki DF115 påhengsmotor.
Bolinder Trim påhengsmotor.

Sjølve motoren, som er plassert vertikalt øvst på påhengsmotoren, kan ha ein eller fleire sylindrar og både totakts- og firetaktsmotorar er vanlege. På grunn av krav om reinare eksos har dei fleste produsentane gått over til firetaktsmotorar med elektronisk kontrollert innsprøyting. Effekten varierer frå nokre få hk til fleire hundre hk. Yamaha produsere ein påhengsmotor på 350 hk, noko som tykkjest vera verdsrekord [1]. Det vert nytta sjøvatn som avkjøling og eksosen kjem ut under vatn.

Kraftoverføringa til propellen skjer med ein vertikal aksling og eit vinkelgir nede ved propellen. For å styra vert heile motoren dreia, slik at vinkelen på skyvekrafta vert endra. Små påhengsmotorar vert styrte med eit styrehandtak, medan store motorar vert styrte med eit ratt plassert lenger fram i båten. Når ein påhengsmotor ikkje er i bruk kan han bikkast opp, slik at propellen kjem fri av vatnet. Små påhengsmotorar vert starta med snortrekk, medan større motorar er utstyrte med elektrisk startmotor. Små påhengsmotorar kan ha ein liten innebygd bensintank, med det er vanleg å ha ein større frittståande tank i båten, som er kopla til motoren med ein gummislange.

Det vert òg produsert nokre små elektriske påhengsmotorar som nyttar batteri som energikjelde [2].

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Påhengsmotorar vert nytta både til arbeid og til fritidsføremål. Mange nyttar påhengsmotorar til småfiske og til småturar. For folk som bur på kysten kan det på sumaren vera enklare å nytta ein småbåt med påhengsmotor enn å køyra bil når ein skal til butikken eller posthuset. Men bruken vert i dag dominert av fritidskøyring. Det er populært å utstyra små raske båtar med kraftige påhengsmotorar. Desse båtane vert i stor grad nytta til uvettug gapkøying [3], noko som i dei siste åra har ført til fleire alvorlege ulukker [4].

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ein eldre Seagull påhengsmotor.

Den fyrste påhengsmotoren tykkjest ha vore dampdriven og vart laga o 1864, medan den fyrste påhengsmotoren med intern forbrenning truleg vart laga av American Motor Co. i 1896 [5]. Ein tysk påhengsmotor skal ha sett dagens ljos i 1900 og ein fransk ein i 1904 [5]. I 1905 lage Cameron B. Waterman i USA ein luftkjølt påhengsmotor, som han fekk patent på i 1907 [5]. Etter å ha gått over til vasskjøling sette Watemann motoren i produksjon og han vart produsert fram til 1921.

I 1909 laga norskamerikanaren Ole Evinrude ein påhengsmotor på 1,5 hk. [6]. Då nokre fiskarar i nabolaget hans såg motoren i bruk byrja han å få bestillingar og tok til å produsera påhengsmotorar. Han tok òg ut fleire patent på påhengsmotorar [7] [8]. Fram til 1923 var det berre Waterman og Evinrude som laga påhengsmotorar, men seinare kom det fleire konkurrentar til.

Den einaste norske produsenten ser ut til å ha vore Jobu i Drøbak, som på 1950-talet laga eit ombyggingssett for motorsagene sine, slik at dei kunne nyttast som påhengsmotorar [9]. I Sverige har det vore fleire produsentar, som Archimedes , Bolinder og Volvo Penta. På 1960-talet produserte Cresent, som òg var svensk, ein påhengsmotor på 4 hk som vart populær i Noreg.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Båt med påhengsmotor på bakspegelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pedersen, F., Verdens største påhengsmotor, Båtliv, 4/9-2007.
  2. Nissen-Lie, A., Foldbar påhengsmotor, Havna.com, 15/3-2006.
  3. Kirkhusmo, A., Uvettig båtkjøring på Mjøsa, nrk.no, 11/7-2003.
  4. Håkonsen, A.L., Fire skadd i båtulykke, nrk.no, 1/7-2007.
  5. 5,0 5,1 5,2 Whittier, B., The History of outboards, Yachting Magazine., jan. 1957.
  6. Outboardmotor, The great idea finder. (vitja 6/4-2008)
  7. Evindure, O., Marine propulsion mechanism, US Patent nr 1,001,260, 22/8-1911.
  8. Evindure, O., Canoe and other small craft, US Patent nr 1,001,930, 10/12-1911.
  9. Kristiansen, T., Påhengsmotor som motorsag, bt.no, 19/3-2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Outboard motors