Pål Anders Ullevålseter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pål Anders Ullevålseter (fødd 7. desember 1968) er ein norsk enduroførar (motorsyklist) som fleire gonger har delteke i det legendariske Paris-Dakar-rallyet.

I 2004 tok Ullevålseter heim VM-tittelen samanlagt i Rally Paris–Dakar. Han deltok i dette løpet for fyrste gong i 2002. I 2006 vart det bronse i samanlagtsigeren.

Han byrja å køyre motocross aktivt i 1991, men for nokre år sidan fann han ut at Noreg vart for lite. Ullevålseter ynskte å satse internasjonalt, og valet fall på Enduro. Enduro tyder uthaldenheit, og set naturleg nok knallharde krav til den fysiske og psykiske forma til løparane. Sjølv meiner han at nettopp uthaldenheit og styrke er dei beste eigenskapane hans.

Ullevålseter var tidlegare gift med Solveig Helen Våge Ullevålseter, som han har to søner saman med.

Ullevålseter vann 71° nord - Norges tøffeste kjendis 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]