Pål Farstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pål Farstad (fødd 1. april 1959) er ein politikar for Venstre, fødd og oppvaksen i Ålesund. Han er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal sidan 2013. Farstad har vore busett i Kristiansund sidan 1990-talet.

Frå fyrste halvpart av 1990-åra var Farstad dagleg leiar av Nordmøre Fiskarlag, ei stilling han hadde til laget, kring 2006?, gjekk inn i det nyskipa Møre og Romsdal Fiskarlag. Sidan var han leiar for KOM Vekst; næringsforeininga for Kristiansund og omegn. Deretter arbeidde han i firmaet Triangel AS, med heile Møre og Romsdal som arbeidsfelt.

Farstad er sidan 2011 medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal og av bystyret i Kristiansund. I bystyret har han vore leiar av næringsutvalet. På nominasjonsmøtet til Møre og Romsdal Venstre i november 2012 fekk han fyrsteplassen på vallista til Stortinget. Han kom inn på Stortinget som niandemann frå fylket, utjamningsmandatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=PAF