Pålsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pålsmesse er i norsk tradisjon 25. januar. Dagen markerer den seinare apostelen Paulus si omvending til kristendomen.

I folketrua heitte det at arbeid som vart byrja denne dagen ville mislukkast. Viste sola seg denne dagen, vart det ein god sommar. Uvér på pålsmesse spådde krig, pest og alle slags ulukker. Midtvinteren var no forbi.

Mellom anna i Telemark fylke og i Setesdal har merket på primstaven vore ein skyttarboge. Dagen har vorte kalla «Pål med bogjen» eller «Pål skyttar». Andre merke har vore eit sverd eller ein fisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]