Påskelilje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Påskelilje | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Liliopsida | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Amaryllidaceae | |
| Slekt: | Narcissus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Narcissus pseudonarcissus | ||
Påskelilje er ein laukplante i påskeliljefamilien. Ho har ein einaste stor gul eller kvit blome på ein knapt 50 cm høg stilk. Påskelilja blømer i april-mai i Noreg. Planten er nasjonalblome for Wales.
Påskelilja er er dyrka både som hageplante og som snittblomster. Ho er rimeleg hardfør, og lauken overlever oftast den norske vinteren utan tildekking.
Opphavleg utbreiing [endre]
Planta veks vilt i det meste av det vestlege og sentrale Europa, men dei naturlege bestandane er truga på to frontar: Dels vert biotopane innskrenka og dels breiar dyrka former seg på villplantane sin kostnad. Opphavleg var arten knytt til lysopne skogar og steppeliknande område opp til 2000 moh. I dag er forvilla kulturformer naturalisert over mykje av verda.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Påskelilje» frå Wikipedia på dansk, den 13. april 2012.