Påskeliljefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påskeliljefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
J.St.-Hil., 1805

Påskeliljefamilien (Amaryllidaceae), tidlegare også kjend som amaryllisfamilien og narsissfamilien, er ei plantegruppe i aspargesordenen og omfattar rundt 1100 artar fordelt på 85 slekter. Den tidlegare laukfamilien (Alliaceae) blir no òg rekna hit.[1] Plantane i familien er einfrøblada og er hovudsakleg laukplantar med grunnstilt bladrosett og store, vakre blomar. Mange prydplantar i slekter som Galanthus, Hippeastrum og Narcissus høyrer til denne familien.

Dei fleste plantane i påskeliljefamilien stammar frå sletteområde i varme land. Snøklokke, påskelilje og pinselilje er mykje brukte som hageplantar og finst også forvilla, mellom anna i Noreg.

Slekter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fire slekter er registrerte i Noreg:[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 210–217, 1148–1149. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre påskeliljefamilien». Artsdatabanken. 6. mars 2023. 

«påskeliljefamilien» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Påskeliljefamilien