Påskelys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit påskelys er eit stort levande lys som vert bruka i kyrkjer. Det er vanleg både i katolske og protestantiske kyrkjer. Lyset symboliserer Jesus Kristus, som kalla seg «verdas lys».

Påskelyset er kvitt og dekorert, gjerne med kristogram, bokstavane alfa og omega og årstal. Tradisjonelt var det eit vokslys, men i moderne tid bruker ein stearinlys eller oljelampe forma som lys.

Etter alminneleg katolsk tradisjon skal kyrkja ta eit nytt påskelys i bruk kvart år. Dette nye lyset vert tent under under påskevaka, eller påskevigila som denne messa òg vert kalla. Dei tenner lyset utanfor kyrkja og ber det inn i prosesjon i ei mørklagd kyrkje. I dei kyrkjene som ikkje feirar vigilia, vert det første gongen tent på påskedag.

I mange kyrkjer vel dei å bruke påskelyset i fleire år, til det er nedbrunne.

Elles i året vert påskelyset tent under dåp, i somme kyrkjesamfunn òg ved gravferd, ved at eld vert henta frå alterlysa ved innleiinga av seremonien. Elles kan påskelyset brenne ved kvar gudsteneste i påsketida, det vil seie frå påskenatt til og med Kristi himmelfartsdag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Påskelys