Père Lachaise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudporten inn til Père Lachaise

Père-Lachaise (Cimetière du Père-Lachaise, Cimetière de l'Est) er ein kyrkjegard i Paris, den største i byen og ein av de mest kjende i heile verda. Kyrkjegarden er om lag 43 hektar stor og vartt innvigd i 1804. Her er meir enn ein million garver. Gravplassen er kalla opp etter Ludvig XIV sin skriftefar, jesuittpresten François d'Aix de La Chaise (1624-1709).

Gravplassen vart lagt utanfor bygrensene av dåverande Paris, av lovpålagde helsemessige grunnar. Fyrste åra vart plassen lite nytta. For å auke interessa vart leivningane av Jean de La Fontaine og Molière flytta til Père Lachaise, nok som viste seg å auke bruken mykje.

Mange namngjetne personar, franske så vel som utlandske er gravlagd på Père Lachaise; Edith Piaf, Oscar Wilde, Camille Pissarro, Marcel Proust, Max Ernst, Frédéric Chopin, Sarah Bernhardt, Jim Morrison og mange fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]